Handballherrane til Os hadde ikkje marginane på si side då laget møtte Stryn på bortebane søndag. Ut frå førsetnadene ein hadde, er trenar Kenneth Husebø, likevel godt nøgd med innsatsen til spelarane sine. (Arkivfoto)
Handballherrane til Os hadde ikkje marginane på si side då laget møtte Stryn på bortebane søndag. Ut frå førsetnadene ein hadde, er trenar Kenneth Husebø, likevel godt nøgd med innsatsen til spelarane sine. (Arkivfoto)

Svekka mot Stryn

- Det kunne gått vegen hadde vi vore smartare i første omgang. Det seier trenar Kenneth Husebø etter firemålstapet mot Stryn søndag.

Førsteomgangen mot laget som ligg over Os-herrane på tabellen, var jamn. På det meste leidde osingane med tre mål.

- Vi rota det litt til for oss mot slutten av omgangen, seier trenar Kenneth Husebø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed vart pauseresultatet 16-16.

Vart hengjande etter

Fleire skadar på den siste treninga før kampen, gjorde at Os hadde færre byter å gå på. Nøkkelspelarar som Trygve Lerch Dahl, Arne Veim Haugland og Alexander Heggø var att heime.

- Hadde vi spelt litt smartare, hadde vi hatt større avstand til motstandarane til pause, seier Husebø.

Slik vart det ikkje. I staden fekk Os ei utvising tidleg i andre omgang, og vart hengjande etter.

- Vi ligg mellom eitt og tre mål bak i heile omgangen. Dei siste fem minutta tok vi nokre sjansar for å prøva å ta att forspranget. Diverre gjekk det motsett, seier Husebø.

Kampen enda til slutt 36-32. Trass tap, er trenaren godt nøgd med innsatsen til spelarane sine.

- Ut frå dei føresetnadene vi hadde, er eg godt nøgd. Det kunne lett ha gått vegen hadde vi vore litt smartare i første omgang. Med to-tre måls leiing til pause, kunna andre omgang vorte av det meir taktiske slaget. I staden vert vi nøydde til å jaga motstandarane heile tida, seier han.

Laurdag møter herrane Årstad i Oshallen. Husebø har tru på siger.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Årstad ligg litt lenger ned på tabellen enn oss, men har begynt å vinna litt kampar i det siste. Vi skal slå dei på heimebane, seier trenaren.