Det var eit rørande augeblink då Sverre fekk sine gratulasjonar etter VM-sølvet i Berlin. Neste måndag kjem Sverre og pappa jarle til Os Senioruniversitet.
Det var eit rørande augeblink då Sverre fekk sine gratulasjonar etter VM-sølvet i Berlin. Neste måndag kjem Sverre og pappa jarle til Os Senioruniversitet.

To blad Pedersen til Senioruniversitet

Neste måndag kjem tidlegare landslagstrenar Jarle Pedersen og verdas nest beste skøyteløpar Sverre Lunde Pedersen til Os Senioruniversitet for å prata om vegen til suksessen.

Neste måndag kjem Jarle Pedersen til Os Senioruniversitet saman med son sin, skøyteløparen Sverre Lunde Pedersen.

Sverre vart denne vinteren nummer to i verdsmeisterskapen i allround, noregsmeister i allround og fekk kongepokal, og fekk mange svært gode plasseringar i verdscupen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jarle Pedersen har også vore god skøyteløpar. Han vart nr. 6 på 500 meter i dei olympiske vinterleikane (OL) i Lake Placid i 1980. Jarle som driv som fysioterapeut på Osøyro, har vore skøytetrenar i mange år, og er no rådgjevar for skøyteløparane i Fana. For nokre år sidan var han også landslagstrenar.

Stor utvikling

Skøytesporten har utvikla seg mykje frå den gongen dagens seniorar frå Os gjekk på skøyter på Banktjørna, Ulvenvatnet og Vindalsvatnet, og Sigmund Søfteland, John Lepsøy og Hans Bøe var kjende skøyteløparar frå Os.

Skøytesporten er no langt på veg blitt ein innandørsidrett. Jarle og Sverre vil fortelja oss om Skøytesporten i går, i dag og i morgon.

Om kva som i dag krevst for å bli ein toppidrettsutøvar, og om livet som skøyteløparar i verdsklasse.

Me viser til annonse i Os&Fusaposten laurdag 2. april.

Os Senioruniversitet

Olav Søfteland