Kristoffer Østervold skåra mot Fyllingsdalen og sikra Lysekloster eit viktig poeng.
Kristoffer Østervold skåra mot Fyllingsdalen og sikra Lysekloster eit viktig poeng.

Tok eitt poeng inn på serieleiarane

Lysekloster burde hatt siger, men seier seg likevel brukandes nøgd med eitt poeng borte mot Fyllingsdalen.

Lysekloster hadde full kontroll på spelet borte mot Fyllingsdalen inn til vertane skåra kring 15 minutt  før pause. Deretter jamna kampen seg noko ut.

– Det er surt og bittert å igjen ikkje få betalt når me har overtaket i kampen. Når ein kjem under må ein jaga, då blir spelet også litt oppjaga, kommenterer trenar Ruben Hetlevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kring 15 minutt ut i andre omgang utlikna Kristoffer Østervold. Etter dette vart det litt Hawaii-fotball.

– Begge laga ville ha siger, så det bølga fram og tilbake. Men alt i alt var me nærast siger og burde drege tre poeng i land, seier Hetlevik.

Framleis heng

Heldigvis for dei kvit-blåe tapte leiarlaget Brattvåg nok ein gong. Denne helga mot Herd. Dermed ligg Lysekloster no berre tre poeng bak serieleiarane frå Møre.

– Ingenting er avgjort endå. Det er åtte kampar igjen, altså ein tredel av sesongen. Det er ingen av topplaga som går gjennom dei siste åtte utan poentap, så det blir nok spenning til siste slutt, trur Hetlevik.

Etter to tøffe bortekampar gler han seg no til heimekamp mot Førde neste søndag.

– Også det blir tøft, men me gler oss til å spela på eigen arena igjen. Fram til det skal me øva godt i veken som kjem, både på avslutningar, og på det å finna opningar når ein køyrar med mykje etablert spel på motstandarens banehalvdel, seier Hetlevik.