Ein lukkeleg Thomas Wallin-Andersen kryssa mållina på Maurset 23 timar og 07 minuttar etter starten på Haukeliseter.
Ein lukkeleg Thomas Wallin-Andersen kryssa mållina på Maurset 23 timar og 07 minuttar etter starten på Haukeliseter.

Tok trona tilbake

Kongen av Expedition Amundsen Thomas Wallin-Andersen tok trona tilbake då han vann sin femte siger fredag.

Osingen har delteke i samtlege åtte utgåver av det 100 km lange pulkrennet på Hardangervidda. Fredag føremiddag tok han sin femte siger.

Den spreke pulkdragaren vann komfortabelt framfor Øystese-karen AK Gluck Teigland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Thomas gjorde unna distansen frå Haukeliseter til Maurset på 23 timar og 7 minuttar.

43-åringen var rimeleg suveren i klassen for individuelle utøvarar.

- Eg har alle åra blitt nummer ein eller to, men det er jo eigentleg berre førsteplassane som tel. Difor har eg trena svært mykje denne vinteren. Eg skal ta trona tilbake, sa Thomas då Os og Fusaposten prata med han for halvanna veke sidan. Jammen gjorde han ikkje nett som han hadde planlagt.

Fusingen Tale Ivarhus deltek i klassen for lag saman med veninna Tone Solberg. I 2015 gjekk dei til topps. Truleg gjer dei det i 2017 også.
Fusingen Tale Ivarhus deltek i klassen for lag saman med veninna Tone Solberg. I 2015 gjekk dei til topps. Truleg gjer dei det i 2017 også.

Mot sin andre siger

Totalt 170 lag/enkeltutøvarar er i aksjon i årets Expedition Amundsen.

Sjølv om Thomas Wallin-Andersen alt er gått i mål, er det for dei fleste mange mange kilometer igjen å gå før dei når mål på Maurset.

Blant dei som framleis har eit stykke igjen er fusingen Tale Ivarhus.

I lag med veninna Tone Solberg konkurrerer ho i lagkonkurransen for kvinner. I denne klassen er det 16 lag.

Då Os og Fusaposten sjekka plasseringa til jentene fredag leia dei klassen. Om Tale og veninna held koken til mål og held konkurrentane bak seg, vinn dei sin andre lagsiger i rennet. Første sigeren tok jentene i 2015.