Sofie og Amalie Evensen og Oddvar Eikemo frå Os skyttarlag vart alle tre samlagsmeistrar i skyting i helga.
Sofie og Amalie Evensen og Oddvar Eikemo frå Os skyttarlag vart alle tre samlagsmeistrar i skyting i helga.

Tre samlagsmeistrar frå Os

Sofie og Amalie Evensen og Oddvar Eikemo sytte for at Os skyttarlag fekk ikkje mindre enn tre samlagsmeistrar i helga.

Meisterskapen gjekk av stabelen i Fana søndag. Oddvar Eikemo i klasse V73 var einaste osing i det tette finalelaget, og osingen gjorde jobben frå skive 7. Med 100 poeng og 9 innertiarar, var det ingen andre som kunne tukta Eikemo.

I eldre rekrutt konkurrerte Sofie med eitt år eldre gutar. Men det hindra ikkje den talentfulle skyttaren, sjølv om det var mykje god skyting i dette laget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sofie hadde 250 poeng som utgangspunkt. Med 100 poeng og 9 innertiarar i finalen kunne Sofie ta med seg meisterskapstittelen heim til Os.

Den tredje tittelen sytte Amalie Evensen for i juniorklassen. Amalie hadde med seg 249 poeng frå innleiande runde og eitt poengs leiing på andremann. Med 100 poeng og 8 innertiarar i finalen vart meisterskapstittelen sikra med god margin.

Meisterskapen starta med lagskyting. Reidar Dahle i Veteran-klassen opna med 100 poeng og 9 innertiarar. Arvid Austefjord som skaut andreetappen fekk kjenna på å liggja på skive 1, men leverte godt med 99 poeng og 8 innertiarar. Dette heldt til ein andreplass poenget bak Tysse.

I lagskyting ungdom var Sofie og Amalie eitt fattig poeng bak Seim som gjekk heilt til topps.

I klasse 2 hadde Os to skyttarar i finalen. John Kenneth Nilsen leia og Alice var på fjerdeplass etter innleiande. Med 95 poeng i finalen og 337 totalt tok John Kenneth ein sterk andreplass.

Alice fikk 96 poeng på omgangen og landa på 331 poeng totalt.

I Klasse V55 hadde Arvid skive 3 etter innleiande skyting. Med 96 poeng i finalen enda han til slutt på ein 55. plass

I klasse 3-5 var det to osingar som var kvalifiserte til finalen: Geir-Wiggo Dale med 239 poeng frå innleiande og Rolv Lekven med 238. Geir-Wiggo skaut finalen og fekk 98 poeng. Totalt 337 poeng heldt til ein 20. plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

På 100-meteren i rekruttklassen var Os skyttarlag representert med fire skyttarar: Daniel Fjellstad (første gong i finale), Sofia Dale, Maren Evensen og Loke Eide. Daniel og Sofia skaut begge 97 poeng. Med poenga frå innleiande heldt dette til andreplass for Sofia og fjerdeplass for Daniel. Maren fekk 94 poeng i finalen og kom på femte. Loke med 90 poeng enda på sjetteplass.