Gutar 16 drog i land sigeren. Stian Tonning sende ballen i mål i kampens siste minutt. Her vart resultatet 1-0 mot Årvoll.
Gutar 16 drog i land sigeren. Stian Tonning sende ballen i mål i kampens siste minutt. Her vart resultatet 1-0 mot Årvoll.

Ujamn start, men god stemning

Eikelandsfjorden idrettslag stiller med tre lag på Norway Cup i Oslo. - Sola skin og det er god stemning, så det ser lovande ut, seier lagleiar Helene Åsmul Kilen.

Første kamp for gutar 16 (2) søndag enda med tap mot Bærum, med sluttresultatet 1-6, trass i stor laginnsats. Målet frå Fjord`n vart scora av Ole Christian Gjerdevik etter angrep og innlegg frå Torstein Kolle.

Jentene sin første kamp enda også med eit 0-2-tap, mot Bruvoll BK trass i heiderleg innsats.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gutar 16 på si side drog i land sigeren. Stian Tonning sende ballen i mål i kampens siste minutt. Her vart resultatet 1-0 mot Årvoll.

I dag måndag spelar gutar (1) mot Rindal på Bjølsen. I kveld spelar gutar 16 (2) og jenter 16 kampar på Ekeberg.