Os G15 var skuffa rett etter finaletapet, men alt på premieutdelinga var smila attende. - Dei har god grunn til å vera nøgde med seg sjølve, seier trenar Ørnulf Jacobsen.
Os G15 var skuffa rett etter finaletapet, men alt på premieutdelinga var smila attende. - Dei har god grunn til å vera nøgde med seg sjølve, seier trenar Ørnulf Jacobsen.

Unge fotballtalent imponerte trenaren

Os-trenar Ørnulf Jacobsen er stolt over G15-laget som i helga tok sølv i Haugesund Sparebank Cup.

- Spelarane gjorde som avtalt, og gjekk ut i hundre i alle kampane. Det er berre utur som gjer at me ikkje vinn heile cupen, seier han.

Køyrde over motstandarane

I innleiande runder møtte Os-gutane Vard 2, Kopervik og Djerv 1919.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vard 2 var overkommeleg motstand, men kampen skal vinnast, og det er lett for å falla litt nedpå om ein tek for lett på oppgåva. Men me spelte bra frå første sekund, og vann til slutt 6-0, seier Jacobsen.

Sjølv om Kopervik er eit betre lag enn Vard 2, blei kampbiletet nesten identisk som i den første kampen.

- Her vann me også 6-0. Trenaren deira sa etter kampen at dei sjeldant vert så utspelte som dei gjorde mot oss, seier Jacobsen.

Fire mål på åtte minutt

I semifinalen kom det som vert karakterisert som høgdepunktet med heile cupen. Fyllingsdalen blei knust, og Ole Martin Kolskogen skåra hattrick på fem-seks-minutt, før han putta sitt fjerde tre minutt seinare.

- Den sigeren smakte nok ekstra godt for gutane. Fyllingsdalen er eit godt lag, og me har kniva med dei i lang tid. Og fire mål frå Ole Martin på om lag åtte minutt. Han trefte på alt, seier Jacobsen.

Kom ikkje gjennom forsvarsmuren

I finalen venta Kolnes. Os gjorde som i kampane før. Dei køyrde på frå start.

- Me fekk ikkje utteljing for godt spel i finalen. Kolnes gjekk til pause med 1-0, og i andre omgang klarte me ikkje å koma gjennom forsvarsmuren deira, seier Os-trenaren.

Rett etter kampen var spelararne naturleg nok skuffa, men det gjekk ikkje lang tid før smila var attende.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei rista skuffelsen av seg raskt, og no ser dei tilbake på ein cup dei kan vera veldig nøgde med, seier Jacobsen.