Det vart godt med premiar på Frode Veim Haugland då han besøkte Bergen Håndbakklubb sine lokalar i helga. (Privat foto)
Det vart godt med premiar på Frode Veim Haugland då han besøkte Bergen Håndbakklubb sine lokalar i helga. (Privat foto)

Vann åtte av åtte klassar

Frode Veim Haugland er i gang med satsinga mot WAL-kvaliken i Manchester. Laurdag vann han åtte klassar i Bergen Armfight.

30-åringen frå Søre Neset har aldri lagt skjul på at treningsgrunnlaget i årets sesong var vel tynt. Det skal ikkje skje i 2017.

- Helgas stemne i Bergen markerte starten for eit langt og tungt råkøyr denne vinteren. No handlar det om å trena mengde og byggja seg skikkeleg opp til den nye WAL-kvaliken i Manchester i slutten av mars og ikkje minst til finalen i Las Vegas til sommaren, seier Veim Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Over 30 kampar

I det opne stemnet i Bergen Håndbakklubb sine lokale i Vektertorget deltok kring 50 armbrytarar frå heile landet. Frode deltok i alle klassane han fekk lov til å delta i.

- Eg tok stemnet som ei lang og tung treningsøkt. Bortsett frå dameklassen og -77 kg-klassen for menn, var eg med i samtlege klassar, humrar Frode.

Totalt vart det godt over 30 kampar på sørenesingen.

- Det var sjølvsagt bra tungt utover dagen, men eg var i bra form og klarte å stå løpet ut, seier armbrytaren, som etter stemnet kunne innkassera sigeren i åtte klassar - høgre og venstre arm i - 88, + 89,+ 99 og overall.

Fekk revansje

Under WAL-kvaliken i AMFI Os for nokre veker sidan fekk Bergen Handbakklubbs eigne Alexander Schive Bjerck oppleva å slå Frode Veim Haugland. I Bergen fekk osingen revansje.

- Eg slo han tre gonger. Han er ein god utøvar, men det som skjedde i AMFI Os var eit unntak. Eg var sjuk og heilt utmatta. Men Alexander lever lenge på den, humrar Frode.

Også Ronny Risøen og Lisbeth Fagerheim frå Os Handbakklubb deltok i Bergen. Begge drog heim med ein andre- og ein tredjeplass.