Christoffer Hafsås var på sitt beste då han prøvespelte for IK Start sommaren 2013. No vil han finna att forma frå den gongen.
Christoffer Hafsås var på sitt beste då han prøvespelte for IK Start sommaren 2013. No vil han finna att forma frå den gongen.

Vil finna att forma frå Start-tida

Etter eit friår frå fotball er Christoffer Hafsås (23) klar for å satsa igjen. Valet fall på Os. - Eg ønskjer å finna attende til forma eg hadde då eg hospiterte hos Start, seier Hafsås.

Nordfjordingen har spelt for klubbar som Eid, Førde og sist Fyllingsdalen. Som Førde-spelar i 2013 fekk han også hospitera hos Start.

- Det var då eg var på mitt beste. Eg ønskjer å koma tilbake på det nivået, og eg trur at Os er eit godt val, seier Hafsås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Var lei fotball

Etter 2014/15-sesongen valte han å ta eit friår frå fotball.

- Eg var litt lei av fotball, og ønskte å fokusera på det siste året av studietida, seier Hafsås.

No er han klar for å satsa igjen.

- Eg har ambisjonar. Eg kjem til å ta eitt år om gangen. Det blir spanande å sjå korleis det går i 3. divisjon. Om det går bra, er eg absolutt open for meir.

Det tok ikkje lang tid frå kontakten med Os vart oppretta til han signerte avtalen.

- Vi har berre snakka i lag i ei veke. Eg har fått med meg to treningar, og signerte i går etter trening. Eg har fått eit godt inntrykk av både klubben og dei nye lagkameratane mine. Eg har stor tru på Os´ prosjekt.

Kontroversiell målfeiring

Underteikna blei i går gjort obs på ei målfeiring signert Hafsås då han spelte for Eid (sjå målet nederst i saka).

- Den videoen har gått sin sigersgang på internett. Det var siste seriekamp for Eid. Målet eg skåra, gjorde at eg blei toppskårar. Eg måtte skåra tre mål mot Sogndal 2 som stilte med spelarar som Even Hovland, Henrik Furebotn, Terje Skjeldestad og Ørjan Hopen, så det var tøff motstand, humrar Hafsås.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Har du tradisjon for litt spesielle målfeiringar?

- Nei, det var berre den gongen. Det var grunna eit veddemål med ein kompis. Dommaren gav meg eit fortent gult kort.

- Får me sjå liknande feiringar på Kuventræ i år?

- Det vet eg ikkje. Det må bli seint i sesongen i så fall. Eg kan ikkje pådra meg unødvendige gule kort.

God i boksen

- Korleis vil du skildra deg sjølv som fotballspelar?

- Eg er god i boksen. Flink til å posisjonera meg. Eg har ein del erfaring, sjølv om eg berre er 23 år gamal. Eg er lur og smart, og ofte der ballen landar. Venstrefoten er god, og eg er sterk i kroppen. Eg er 1.93 meter høg, og veg 86 kilo, så eg er ein habil duellspelar. Eg er ikkje lynhurtig, men heller ikkje treg.

I Eid spelte han spiss. I Førde og Fyllingsdalen spelte han litt på topp, og i ei rolle bak spissen.

- Eg er komfortabel i begge rollene, men eg trivst aller best heilt på topp. Eg trur eg kjem til å fungera godt som spiss i Os, seier Hafsås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grundig research

Os-trenar Hassan El Fakiri fortel at dei i vinter har jobba med å få inn nye spelarar. Dei har blitt tipsa om Hafsås, og har kontakta både tidlegare klubbar og trenarar for å finna ut om han var verdt å satsa på.

- Vi har fått eit veldig godt inntrykk av Christoffer, og tilbakemeldingane frå tidlegare trenarar er også gode. Etter eit friår verkar han motivert og klar for å satsa, seier El Fakiri.

- Er du trygg på at han kan bøtta inn mål for Os i år?

- Ein veit aldri i fotball. Eg håpar at han kjem til å levera. Han har skåra mange mål tidlegare. Det viktigaste no er at han kjem i gang og får trena fotball. Eg er sikker på at han kjem til å få mange sjansar til å skåra i år i alle fall.