Vilde Drange Veglo noterte seg for tre mål i 5-0-sigeren borte mot Rosendal/Trio i helga.
Vilde Drange Veglo noterte seg for tre mål i 5-0-sigeren borte mot Rosendal/Trio i helga.

Vilde Drange Veglo med hat-trick i haust-premieren

Os/Nore Neset fekk ein flott start på hausten med 5–0 borte mot Rosendal/Trio. Vilde Drange Veglo skåra tre mål, men ho er likevel ikkje heilt nøgd med eigen prestasjon.

– Eg skåra nokre mål og vi vann, men eg synest ikkje at eg presterte særleg bra, seier Drange Veglo.

– Trenaren din seier at du på det eine målet gjekk frå eigen banehalvdel og skåra. Det er du vel nøgd med?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tja, avslutninga låg seg fint i hjørnet. Likevel er eg ikkje nøgd med kampen, seier ho.

Vy Vguyen og Malin Ludvigsen stod for dei andre måla i 5-0-sigeren.

Skryt frå trenaren

Drange Veglo fortel at sigeren kunne ha vore mykje større enn 5–0.

– Dei hadde ikkje eitt skot på mål i heile kampen. Vi stoppa dei tidleg. Vi hadde mange store sjansar, og kunne vunne mykje meir enn vi gjorde. Rosendal stilte med rutinerte spelarar. Vi har eit ungt lag, og vi hadde meir fart i spelet enn dei, fortel Drange Veglo.

Sjølv er ho ikkje nøgd med prestasjonen, men trenaren er full av lovord om Drange Veglos gjennomføring av kampen.

– Vilde er ein konstant trussel for motstandarane med sitt gode driv og tempo i spelet. Ho fordelte mange gode pasningar til medspelarane og hadde mange farlege skot. I tillegg vinn ho nærast alt av duellar på midtbanen, seier trenar Stian Kvåle.

Laget presterte godt, og utanom Vilde, vil Kvåle trekkja fram eit par spelarar til.

– Michelle Beracis var botnsolid som anker på midtbanen. Ho vann duellar i lufta og langs bakken. Ein skikkeleg motor i laget. Vi hadde ein debutant i målet, Anne Nordvik. Ho er 15 år gamal. Det var ikkje mykje ho fekk å gjera, men då ho måtte i aksjon, løyste ho det veldig bra, seier Kvåle og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eit skår i gleda er det at forsvarskjempen vår Charlotte Balland måtte ut med brot i handa og er ute på ubestemt tid.

Ny kamp torsdag

Kampen mot Rosendal/Trio var den første på to månader som følgje av sommarpausen. Trenar Kvåle er nøgd med det laget hans viste i helga.

– Det er alltid spanande etter sommarferien med så lang tid sidan førre kamp. Resultatet viser at vi har trent godt i sommar, seier Kvåle.

Neste kamp for damelaget er på Kuventræ torsdag. Då er det Bremnes som står på motsett banehalvdel.

– Vi ventar at det blir ein tøff kamp, seier Kvåle.