Vegarbeid: Ver budd på venting og manuell dirigering på desse plassane.

Det kan bli ein lang tur frå Kilen til Lygrepollen

Tre stader på strekninga pågår det vegarbeid og manuell dirigering.

Om du i desse dagar svingar av frå Kilen i retning Baldersheim på FV48 og vidare til Tysnes på fylkesveg 549, kan det vera lurt å smørja seg med tolmod.

I vegkrysset på Kilen vil det måndag, tysdag og onsdag pågå arbeid mellom klokka 7 og 15. Arbeidet vert avslutta torsdag 8. desember klokka 15.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vert manuell dirigering og leiebil.

Nokre kilometer unna, i Hovdatunnelen, pågår det også vegarbeid mellom kl. 7 og 15. Arbeidet skal vera ferdig torsdag 1. desember kl. 15.

Også her er det manuell dirigering og leiebil som gjeld.

Ved Grunnasund i Lygrepollen har du kome over på FV549, men enn så lenge er du altså i Bjørnafjorden.

Også her pågår det utbetringsarbeid og du må pårekna venting og manuell dirigering. Arbeidet vert avslutta onsdag til klokka 17.30.

Det opplyser Vegtrafikksentralen.