Tom Cruise er ikkje her: Dei som tek beina fatt for å få auge på ein Hollywood-kjendis i Langedalen i ettermiddag, vert garantert skuffa.

Langedalen stengt på grunn av filminnspeling

Vegen mellom Søfteland og Lysefjorden held stengt i fire timar torsdag ettermiddag.

— Vi kryssar fingrane for at det ikkje blir for masse regn, men vi er då frå Bergen så det skal nok gå bra uansett.

Det fortel lokasjonsansvarleg Njål Lambrechts i videoproduksjonsselskapet True West.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mellom klokka 16 og 20 i dag, blir det altså filminnspeling i Langedalen. Sidan skodespelarane skal opphalda seg på vegen, blir bilvegen sperra av og stengd for å unngå risiko for ulukker.

True West har søkt og fått innvilga dette frå Bjørnafjorden kommune.

Det høyrest eksotisk ut med filminnspeling, men i denne omgang er det ikkje snakk om verken Tom Cruise eller Scarlett Johanson.

— Nei, dessverre, eller kanskje heldigvis, ler Lambrechts, som tidlegare har jobba på filmar som Snømannen, Downsizing og Netflix-serien Ragnarok.

— Vi skal filma ein kortfilm, og har valt Langedalen på grunn av den fine skogen der.