I kommunestyret var politikarane sterkt usamde i om butikk-plasseringa på Nore Neset var den beste.
I kommunestyret var politikarane sterkt usamde i om butikk-plasseringa på Nore Neset var den beste.

Butikk-krangel i kommunestyret

Ja eller nei til Spar-butikk på Nore Neset blei til prinsippdiskusjon om næringsinteresser styrer utviklinga av bygda.

Det vart galant kveldens mest omdiskuterte sak: Skulle politikarane seia ja til å vika frå planen dei sjølv har vedteke, og gje Norgesgruppen løyve til å byggja butikk i Kloppamyra? Detaljreguleringa var til andregongs handsaming, og dermed ville kveldens vedtak vera det endelege.

- Det private næringslivet kjem først

Harald Døsen (Ap) hadde alt høyrt mykje av posisjonen sin argumentasjon i plan og bygningsutvalet, og starta med å imøtegå den.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Grunngjevinga til Frp/H er at dette opnar for nye arbeidsplassar og at ein har fått god trafikksikring på tomta. Men båe desse får du uansett kvar du legg butikken, sa Døsen.

Administrasjonen var også negativ til å ha butikk i Kloppamyra, då dette vil vera i strid med regionale retningslinjer og gjeldande samfunnsplan for Os kommune.

- Dette er ei hasteavgjerd. Kva slags styring er det når me så lett vik vekk frå vedtekne planar? spurde Jakob Enerhaug (KrF), og fekk støtte frå Bjørn T. Bøe (MDG).

Jakob Enerhaug (KrF) kalla det ei hasteavgjerd.
Jakob Enerhaug (KrF) kalla det ei hasteavgjerd.
Leif Gunnar Heggland (Frp) skulda opposisjonen for å vera udemokratiske.
Leif Gunnar Heggland (Frp) skulda opposisjonen for å vera udemokratiske.
Harald Lekven (Sp) melde seg ut av opposisjonen for ein gongs skuld, og tok parti med Frp/H.
Harald Lekven (Sp) melde seg ut av opposisjonen for ein gongs skuld, og tok parti med Frp/H.

- Her forkastar me administrasjonen sitt framlegg galant til fordel for det private næringslivet. Kven er det då som utviklar bygda vår? Er det store verksemder eller er det oss politikarar, spurde Bøe.

Eit viktig argument for fleire var at ein bør venta til nærsenter-analysen er lagt fram og vedteken, før ein vel kor butikk skal plasserast.

Frp/H tek til motmæle

Eirik André Hesthamar (Frp) sa at det ikkje er noko kommunalt ansvar å ta stilling til kor det er best å leggja ein butikk.

- Her har Norgesgruppen ei enorm erfaring, både i Os og i landet elles. Det er ingen grunn til å tru at dei ikkje har lagt eit godt stykke arbeid ned i vurderinga som ligg bak valet om Kloppamyra, sa han.

May Brit Harringstad Mjøs (H) la til at dei hadde fått signal om at den alternative plasseringa - i området borte ved skulen/kyrkja på Nore Neset - vil vera mykje vanskelegare å få til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire frå Frp peikte på at det var langt frå sikkert at Norgesgruppen ville etablera seg på Nore Neset dersom dei får nei no.

- Å tru at me kan dirigera Norgesgruppen til å lokalisera butikken der eller der er ikkje truverdig. Det går rett og slett ikkje an, sa Espen Aspenes.

Emil Brimsholm (H) svarte på påstandar om at folk ville få vel langt å gå til butikken.

- Også dei på Strøno og Askvikneset kjem til å bruka butikken, og då vil uansett bil vera transportmiddelet, sa han.

Vil me ha demokrati eller ikkje?

Etter fleire påstandar frå opposisjonen si side om at Frp/H i denne saka tydelegvis glatt såg vekk frå faglege råd til fordel for næringslivet, tok Leif Gunnar Heggland (Frp) ordet.

- Det er noko eg reagerer kraftig på. Det blir hevda at me må følgja administrasjonen si innstilling til vedtak. Men kva skal me med dei folkevalde då? Det ville jo vore å leggja ned demokratiet. Er det ikkje nettopp derfor me er her? Det er me som fattar vedtaka, sa Heggland.

Ei rekkje politikarar ville svara på dette, og blant dei var Jakob Enerhaug (KrF).

- Det er underleg å høyra representanten Heggland snakkar ned planane han sjølv har vore med å vedta, og han kallar oss udemokratiske. Det er tvert i mot svært godt demokrati å følgja eigne planar. Så den kjøper ikkje eg, sa Enerhaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Posisjonen seier ofte at me gjer det me seier. Men når ein bryt med eigne planar, gjer ein faktisk det motsette av det ein har sagt, sa Bjørn T. Bøe.

Uventa hjelp frå Senterpartiet

Då Harald Lekven (Sp) gjekk på talarstolen venta truleg mange at han ville ta parti med opposisjonen for øvrig. Men han støtta i staden Frp/H heilhjarta.

- Me har ikkje sansen for all slags regionale retningslinjer og reglar om attraktive nærsenter. Det er klart at ein treng reglar, men til sjuande og sist må me gjera det som er best for innbyggjarane våre, sa Lekven.

Han viste mellom annan til at ingen naboar har klaga på plasseringa av butikken i Kloppamyra, og at han såleis ikkje vil vera til sjenanse for nokon.

- Dersom butikken i staden skal plasserast nærare skulen vil ein måtta ta av dyrka mark. I Kloppamyra har du ikkje slike konflikter, sa han.

Harald Døsen sa at Lekven "såg styggemannen på flat mark".

- Er det nokon på Nore Neset som har sagt kor dei vil ha butikken? Det var nemleg ein påstand frå Lekven, sa Døsen.

- Eg er kanskje treig, men eg har då lest sakspapira. Det står heilt klart at alternativet er ei etablering i tilknyting til skulen/kyrkjegarden. I det området er det ikkje anna enn dyrka mark og gravplassar, sa Lekven.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vedtaket og vegen vidare

Frp/H og Sp sine 20 representantar røysta for å gje Norgesgruppen løyve til å byggja butikk på Nore Neset, medan dei 15 øvrige var mot.

Rådmann Christian Fotland opplyste at det er tre vekers klagefrist på vedtaket. Dersom Fylkesmannen eller andre har innvendingar kjem dei altså i løpet av denne perioden.

Espen Aspenes (Frp) ville vita om administrasjonen aktivt kom til å jobba for fleirtalsvedtaket i den vidare prosessen - t.d. dersom Fylkesmannen kjem med motsegn.

Til dette svarte rådmannen at administrasjonen ikkje driv med "marknadsføring eller framsnakking av vedtaket", men at dei berre sender vedtaket objektivt vidare.