Det var fleire vitne til hendinga onsdag kveld. Desse blir følgt opp av kriseleiinga i kommunen.
Det var fleire vitne til hendinga onsdag kveld. Desse blir følgt opp av kriseleiinga i kommunen.

– Ei ekkel oppleving for alle involverte

Kriseleiinga i Os kommune er kopla på etter at ein gut på åtte år blei påkøyrd på Nore Neset i går.

– Det var ei ekkel oppleving for alle involverte. Vi varsla tidleg kommuneleiinga for å få råd om korleis idrettslaget skulle handtera situasjonen. Både på barneskulen og ungdomsskulen er det oppfølging av elevar i dag, fortel dagleg leiar i Nore Neset Idrettslag, Eirik André Hesthamar.

Kriseleiinga følgjer opp

Ulukka skjedde rett etter klokka 18 onsdag kveld. Guten skalifølgje vitne på staden ha sprunge etter ein ball som gjekk under ein bil. Bilføraren skal ikkje ha registrert guten og starta å køyra. Guten kom i klem under bilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye, fortel at kommunen kopla på.

– Vi har tilsette frå kommunen som etter behov følgjer opp elevar og vitne til hendinga, fortel Rye.

Politiet seier i dag at dettilsynelatande skal ha gått bra med guten.