Det var for mykje for denne kummen i Os sentrum.
Det var for mykje for denne kummen i Os sentrum.

Fleire oversvømmingar i sentrum

Regnvêret «Synne-floden» gav huseigarar problem i natt. – Det er lite me kan gjera før regnet gir seg, seier Stein Gjøsund.

Onsdag og natt til torsdag kom det enorme mengder regn, og til slutt fløymde det over i Landboden.

– I eit hus i Landboden trengde vatnet inn i går kveld. Jordsmonnet rundt var fullt, og vatnet tok til å renna inn i kjellaren. Det hamna nokre centimeter på golvet, men det er lite me kan gjera med det før regnet gir seg, opplyser Stein Gjøsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kum fossa over

Teknisk vakt har også hatt ein del å gjera i same området. Robert Hatvik Flister var i løpet av natta ute og sette opp sperring i eine delen av køyrebanen mellom Torget og Oshjørnet, der vatnet fossa ut av kumloket.

– Det var ein viss fare for at trykket kunne få loket til å poppa av, så difor var det naudsynt med ei sperring, seier Flister.

Regnvatn og kloakk

Vidare har dei også fått melding om at ein annan huseigar i sentrum fekk regnvatn og kloakk inn i huset.

– Det har kome store mengder nedbør inn i kloakken, og dermed har den renne over. Det er vanskeleg å få unna, seier Flister.

Han legg til at nettet i Landboden-området ikkje er dimensjonert for dei nedbørsmengdene som er blitt vanlegare seinare år.

– Dei bygde ikkje nettet med tanke på det. Før i tida var det lov å kopla på avlaup og renne-nedløp saman. Regnvatn kjem rett frå taket og inn i kloakken. Det er ikkje gunstig ut frå dagens situasjon, seier Flister.

Ber folk sjekka sluk

Regnet skal ikkje gje seg heilt enno, og Flister understrekar at det er viktig å halda utandørs kummar og sluk frie frå lauv og rusk.

– Folk har vore flinke så langt, og me har ikkje fått andre meldingar enn frå sentrum. Me har to team ute og sjekkar alle kommunale sluk no for å førebyggja, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no