Ingerid Sværen Samnøy gler seg til å flytta til nyoppussa butikk i Brugata, der ho også vil få plass til ein kaffikrok, som ho lenge har hatt lyst på.
Ingerid Sværen Samnøy gler seg til å flytta til nyoppussa butikk i Brugata, der ho også vil få plass til ein kaffikrok, som ho lenge har hatt lyst på.

Strikkebutikken er på flyttefot

I vår pakkar Ingerid Sværen Samnøy ned butikken i Landboden og flyttar til flunkande nytt lokale i Brugata.

– Det stemmer at vi skal flytta, ja. Vi skal flytta inn i eit nyoppussa lokale, og gler oss stort, seier Sværen Samnøy.

Dermed er to av tre butikkar i mini-mini-kjøpesenteret i det gamle DnB-bygget fyld opp. Tina Lyssand Rød og Nina Oen skal opnabarnebutikken TiNi barn i starten av april.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blei frårådd å pussa opp

Strikkebutikken på Oshjørnet har hatt positiv utvikling sidan Sværen Samnøy tok over for elleve år sidan. Butikkeigaren har lenge hatt eit ønske om nytt lokale, og endeleg har ho funne eit passande lokale.

– Det har vore tre ulike eigarar av dette bygget på dei elleve åra eg har drive, og alle har hatt planar for bygget, så eg er blitt frårådd å pussa opp, seier Sværen Samnøy.

Surfar framleis på strikkebølgja

No slepp ho å tenkja på å pussa opp. Alt som står att, er å finna ein passande dag å flytta.

– Vi kjem til å flytta alt etter stengjetid ein laurdag, for å kunna opna den nye butikken måndagen etter, slik at vi ikkje må ha stengd ein dag eller to, seier ho og legg til:

– Kundane seier at det er viktig at vi held på sjela til butikken. Det kjem vi til å gjera. Den nye butikken vil vera mykje lik denne – men litt større – og vi får plass til ein kaffikrok, som vi har hatt lyst på lenge.

I tillegg til om lag 60 kvm med butikk, blir det eit lite lager i bakkant av lokalet.

Etter eit par tøffe år i starten, har det berre gått ein veg for strikkebutikken. Strikkebølgja kom, og då butikken feira ti år i fjor, skreiv vi om at Sværen Samnøy surfa lukkeleg på strikkebølgja som framleis varer.

– Det går framleis veldig bra. Det er mykje strikkeglede i bygda. Det er ikkje veldig sesongbasert. Det er gjerne nokre toppar salsmessig i januar, februar og november, men det går godt resten av året også.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har gjerne vore eit vellukka OL for strikkebutikken også då?

– Ja, det kan du seia. Eg ser at dei som er interesserte i strikk gjerne er sportsinteresserte også. Dei liker å ha noko å gjera på medan dei ser på, seier Sværen Samnøy.

– Kva tid ser du føre deg å opna den nye butikken?

– Eg har ikkje heilt bestemt dato, men det blir i månadskiftet mars/april.