Stonga mot Vard-Haugesund-muren – men klarte ikkje å få den viktige nettkjenninga
I toppoppgjeret i Lysefjorden var det berre eitt lag som gjekk for sigeren. Dette seier Ruben Hetlevik om korleis Vard-Haugesund sin kampplan.
– Er du overraska over slik Vard stod fram i dag, Ruben?
– Eg blei ikkje overraska, men det er ikkje ein taktikk som eg ville valt sjølv. Dei starta kampen med å prøva å stå høgt og pressa oss. Då dei etter kring fem minutt ser at det er håplaust, vel dei å leggja seg ned i banen. Dei hadde meir å vinna på ein siger enn vi hadde. Om vi hadde vunne, ville vi ha vore eitt poeng framfor dei. Dei ville med siger ha fått ei luke på fem poeng. Litt merkeleg val, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bad dommaren leggja til meir
Sidan Lysekloster tapte 0–2 borte mot Vard i vår, har munkane slått til med ti sigrar på rad. Det gjer at det er jamt i toppen av tabellen, og bortelaget signaliserte raskt at dei levde vel med eitt poeng i dag.
– Årsaka til at eg peikte på klokka til dommaren då vi var på overtid, var ikkje for at han skulle blesa av kampen, men for at han skulle leggja til meir. Frå andreomgang starta, tok bortelaget seg veldig god tid på alt frå innkast til utspel. Eg bad han leggja til meir, seier Hetlevik.
– Må skåra på sjansane vi får i slike kampar
Heimelaget skapte sjansar i løpet av kampen. Ikkje flust, men nok til at dei burde ha vunne kampen, meiner Lysekloster-trenaren.
– Eg registrerte ikkje ein målsjanse til Vard. Vi hadde kring fem sjansar til å skåra i dag. Eg er godt nøgd med laget sin prestasjon i dag. Det var berre skåringa som mangla. Når vi møter eit så godt lag, som vel å spela på den måten dei gjer, så må vi skåra på sjansane våre. Det gjorde vi ikkje i dag, men det var også det einaste som mangla, seier Hetlevik.
Gode nok til å rykkja opp
Sjølv om Lysekloster opna sesongen svakt, har ikkje trenaren vore i tvil om at dei er sterke nok til å kunna rykkja opp i år. Han er ikkje glad i å snakka om det som har vore, eller det som kjem seinare i sesongen. Han vil fokusera på neste trening og neste involvering.
– Vi kan ikkje tenkja på kva som har skjedd, og «kva om» og «viss». Vi må ha fokus på den neste trening. Den neste involveringa. Det er einaste vegen til suksess. Sjølv om vi starta elendig i år, har eg ikkje tvilt eitt sekund på at vi er gode nok til å rykkja opp.
Neset heimekamp for Lysekloster er 14. september mot Fyllingsdalen. Før den tid, skal dei spela borte mot Vestfossen. Den kampen går neste søndag.