Ordførar Marie Bruarøy storkoste seg inni eit røyr på kyrkjeflaten i dag.
Ordførar Marie Bruarøy storkoste seg inni eit røyr på kyrkjeflaten i dag.

Ny leikepark opna på Kyrkjeflaten: Skal trekkja barnefamiliar til sentrum

Os ASVO har bygt leikeparken som i dag vart innvigd. – Det er utruleg kjekt å byggja noko som me veit ungar vil ha glede av, seier Caroline Drønen i ASVO.

Den tilrettelagde arbeidsplassen Os ASVO har laga noko som ungar kan gle seg over i lang tid framover: Ein mini-klatrepark mellom trea på Kyrkjeflaten.

– Det har vore ein veldig kjekk jobb, og ikkje minst med tanke på alle ungane, seier Caronline Drønen. Saman med kollega Christoffer Askvik Olsen overleverte ho parken til Os kommune ved ordførar Marie Bruarøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Os ASVO er faktisk leverandør til klatreparkane Høyt & Lavt, så det er profesjonelt arbeid som er gjort her, sa Bruarøy.

Vil ta sentrumsparken meir i bruk

Ordføraren sa at prosjektet inngår i Liv på Øyro-planane, der eit av måla var å få leikande born tilbake til sentrum.

– Denne flotte kyrkjeflaten er vår sentrumspark. Og her burde det vera langt fleire folk. Ser ein til andre storbyar, slår dei seg gjerne ned og solar seg i parken. Me er kanskje ikkje heilt der enno, men for at fleire skal ta i bruk kyrkjeflaten er det litt kjekt at det er noko som skjer her, sa Bruarøy.

Caroline Drønen og Christoffer Askvik Olsen overleverte parken dei har bygt til ordførar Marie Bruarøy fredag.
Caroline Drønen og Christoffer Askvik Olsen overleverte parken dei har bygt til ordførar Marie Bruarøy fredag.
Dei nye leikeapparata på Kyrkjeflaten var raskt teken i bruk av borna.
Dei nye leikeapparata på Kyrkjeflaten var raskt teken i bruk av borna.

Difor er det kjøpt inn skulpturar for dei vaksne kan sjå på, og no kjem altså dette tilbodet for ungane. Ho kunne også lokka med at dette ikkje var slutten på satsinga.

– Kanskje det kjem meir også. Kanskje me skal laga til fleire apparat innover på Osøyro. Eg har i alle fall ein plan om det, sa ordføraren.

ol@osogfusa.no