Oppdrag: TAF-Marin på oppdrag.

Skulestruktur for framtida

Det er ikkje alltid «A4-modellen» gjev beste resultata, gjerne er det nettopp det alternative som er løysinga.

Administrasjonen i Vestland fylkeskommune har arbeidd fram eit høyringsutkast til ny skulestruktur for vidaregåande skular frå 2025. Det er truleg naudsynt sidan tal elevplassar er større enn elevtalet i fylket.

Det første prinsippet som ligg til grunn for planutkastet er : «..vidareføra den desentraliserte skulestrukturen. I distrikta er skulen ein viktig hjørnestein for lokalsamfunna og sikrar mange elevar moglegheit til å gå på ein skule nær der dei bur. Elevane skal ha tilgang på variert opplærings- og linjetilbod i sine nærområde.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Då forundrar det Bjørnafjorden SV at administrasjonen føreslår å leggja ned eit at dei mest søkte og populære tilboda i Bjørnafjordsregionen.

Det som på folkemunne kallast TAF (TAF/YSK), har sidan oppstarten i 2001 med éin klasse i tekniske fag, vidareutvikla seg til eit svært viktig og populært tilbod, no også i marine fag, helsefag og restaurantfag.

Velkommen til skulestart.

TAF/YSK-modellen fører elevane i løpet av fire år, fram til både studiekompetanse og fagbrev. Under utdanninga kombinerer dei arbeid i bedrift med å gå på skule. Tekniske og allmenne fag (TAF) er eit samarbeid mellom Fusa vidaregåande skule og lærebedrifter innan ulike fagområde.

Etter fire år oppnår dei altså dobbel kvalifikasjon; både fagbrev og studiekompetanse, med fordjuping i realfaga matematikk, fysikk og/eller kjemi.

Dei er formelt elevar ved skulen dei to første åra og deretter lærlingar i bedrift dei to siste, men dei har heile dagar i skule/bedrift alle fire åra. Utdanninga er først og fremst retta mot dei som ønskjer å studera på høgskule- eller universitetsnivå.

Elevarbeid frå KDA (Kunst, design og arkitektur).

Dette utdanningstilbodet har vist seg å vera ein viktig garantist for rekruttering til viktige hjørnesteinsbedrifter i regionen vår. Utdanninga gjev godt kvalifisert arbeidskraft med lokal forankring.

På TAF/YSK lærer elevane å samarbeida og å arbeida sjølvstendig etter eigne planar.

Det same gjeld også på eit anna tilbod høyringsutkastet vil fjerna. KDA (kunst, design og arkitektur) er ei ypparleg 3-årig utdanning som fokuserer på kreative prosessar og utøvande arbeid. Slik kompetanse i problemløysing treng samfunnet for å møta framtida sine utfordringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjordsregionen treng alternative tilbod til den tradisjonelle 3-årige teoretiske vegen til studiekompetanse. Det er ikkje alltid «A4-modellen» gjev beste resultata, gjerne er det nettopp det alternative som er løysinga.

Me hugsar prinsippet i innleiinga: «.. Elevane skal ha tilgang på variert opplærings- og linjetilbod».

Bjørnafjorden SV støttar kravet om å oppretthalda desse tilboda ved Fusa vidaregåande skule ved at skulen får vidareføra kombinasjonsløysingane dei har utvikla.

Hege Bjørnør

Mette Holmefjord Olsen

Bjørnafjorden SV