Endre Brenne og Mats Cato Moldskred skåra eitt mål kvar i 3-1-sigeren over Stord søndag. Øystein Takle Eide stod for den siste Os-skåringa.
Endre Brenne og Mats Cato Moldskred skåra eitt mål kvar i 3-1-sigeren over Stord søndag. Øystein Takle Eide stod for den siste Os-skåringa.

– Dei burde ikkje prøvd å terga meg

Før NM-kampen mot Stord gjekk av stabelen i går, sa Stord-leiren at Mats Cato Moldskred er over toppen. Det skulle dei ikkje ha gjort.

– Dei burde ikkje prøvd å terga meg. Det trigga meg berre. Dei hadde tydelegvis lyst til å tapa, seier Moldskred og ler.

Jamn førsteomgang

Første kvalifikasjonsrunde mellom Stord og Os skulle eigentleg blitt spelt onsdag 21. mars, men turen til Stord blei forgjeves, då kampen måtte utsetjast grunna kraftig snøvêr. Det påverka tilsynelatande ikkje motivasjonen til Os-spelarane at dei søndag måtte ein ekstra tur til Stord for å få spelt kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi tok leiinga i førsteomgang. Det var ein jamspelt omgang, der vi dominerte i starten, og Stord var betre mot slutten, då dei også fekk seg ei utlikning, seier Endre Brenne.

Møter Austevoll eller Sund

Men etter pause var Os det klart beste laget, ifølgje Brenne.

– Dei hadde nokre dødballar som dei var farlege på, men vi var klart best. Vi vann til slutt 3-1, etter skåringar frå Mats Cato, Øystein Takle Eide og meg, seier Brenne og legg til:

– Skåringa mi var innom ein Stord-spelar, men ballen hadde retning mot mål, så den er min. Det er også rett som Mats Cato seier, dei burde ikkje prøvd å terga han. Han spelte ein god kamp, og hadde eit flott raid som han avslutta med skåring.

Moldskred hadde ikkje ei optimal opplading til kampen. Han var på gutetur til London.

– Er storforma i anmarsj?

– Ho er nok ikkje veldig langt unna, men eg har ikkje fått trent så godt dei siste to månadene grunna kurs. Det er godt at eg har god rutine, seier Moldskred.

Os-trenar Karl Kvile er også godt nøgd med kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Spelemessig var ikkje det så fantastisk, men vi vann fortjent. Eg talde 10-3 i sjanser i favør oss, seier han.

Os må gjennom ein kvalifikasjonsrunde til for å ta seg til NM. Dei møter vinnaren av Austevoll og Sund, som blir spelt i dag (måndag). Kampen mellom Os og vinnaren av det oppgjeret går onsdag 4. april. Sesongstart for Os er 9. april borte mot Fyllingsdalen 2.