På strekninga bak Anna Sitarz og Liliane Elisabeth Stavland Dyrstad har det over lengre tid samla seg ungdomar som driv med villmannskøyring. No er det endeleg blitt roleg i nabolaget.
På strekninga bak Anna Sitarz og Liliane Elisabeth Stavland Dyrstad har det over lengre tid samla seg ungdomar som driv med villmannskøyring. No er det endeleg blitt roleg i nabolaget.

Endeleg er det ro på Nore Neset

Villmannskøyringa på Nore Neset har stoppa. I alle fall for ein periode.

Tidlegare i juni skreiv Os & Fusaposten om naboar som var fortvila over villmannskøyringa, ogskuffa over innsatsen til politiet i saka. Bakgrunnen er at det over lengre tid har gått føre seg noko som politiet og naboar omtalar som hasardiøs køyring på mopedar og lettmotorsyklar (sjå eigne saker) ved barneskulen og ved ungdomsskulen på Nore Neset.

Var på plass då avisa kom ut

Etter at vi snakka med naboane, har det så godt som vore stilt i nabolaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi reiste på weekendtur rett etter at vi snakka med deg, så om det var noko aktivitet den helga veit eg ikkje. Avisa kom ut tysdagen, og den same dagen var ungdomane på plassen igjen – som for å demonstrera. Sidan har eg ikkje sett noko til dei, og no er det gått nokre veker, seier Liliane Elisabeth Stavland Dyrstad.

Fryktar skuleferien

– Kva tenkjer du er grunnen til at det no er blitt roleg?

– Eg vil tru at foreldre har snakka med ungdomane sine. Det var ingen liten artikkel. Vi var på framsida av avisa, så dei har nok fått det med seg, og foreldre veit om ungdomane sine er ute og køyrer. Eg håpar også at ungdomane har forstått det eg prøvde å formidla til dei då vi snakka med dei, seier Stavland Dyrstad og legg til:

– Det kan også henda at dei berre held låg profil i ein periode, men det får vi håpa ikkje er tilfelle.

Det går mot skuleferie, og Stavland Dyrstad fryktar at problemet skal melda seg att då.

– Skulen sluttar på fredag. Då har dei plutseleg mykje fritid, og dei må ikkje i seng til same tid som når dei skal på skulen. Samstundes er det nok fleire ungar ute og leikar i gata, til så godt som alle tider av døgnet. Vi får sjå kva som skjer, og kryssa fingrane for at ungdomane har teke til seg meldingane.