- Me hadde vel 3000 publikumarar totalt i fjor. I år hadde me ca 3000 kvar kveld. Eit eventyr, seier Tor Egil Hylland.
- Me hadde vel 3000 publikumarar totalt i fjor. I år hadde me ca 3000 kvar kveld. Eit eventyr, seier Tor Egil Hylland.

Dobbelt så store som i fjor

Dei endelege tala let venta på seg, men det er likevel klart at Osfest har dobla seg på eitt år.

- Me hadde vel 3000 publikumarar totalt i fjor. I år hadde me ca 3000 kvar kveld. Eit eventyr, seier Tor Egil Hylland og Orbo.

- Det vil vonleg visa att på omsetnaden også, legg Hylland til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nøgde artistar

Orbo gler seg også over gode tilbakemeldingar frå artistane.

- Dei er svært nøgde. Me er berre nøydde til å levera på det området. Ein tabbe spreier seg fort. Men me har heldigvis fått oss eit botnsolid rykte. Det er me avhengige av for å få booka slik me vil, seier Orbo.

- Kva har vore ditt musiklaske høgdepunkt i år?

- Det må vera Gabrielle. Då såg me at familiefest-tanken fungerer. Små og store koste seg i lag. Dei unge følte seg trygge inne på området, og me trefte med bookinga. Gabrielle var heilt rå, smiler Orbo.

Rosar dei frivillige

- Men personleg er det dei frivillige som er mitt høgdepunkt. Det er hardt arbeid. Mange stiller i ferien. Dei frivillige gjer mykje meir enn me kan forventa. Eg er så imponert av det dei leverer av arbeid og motivasjon, og så er dei så blide. Ei kvar verksemd som hadde hatt vore frivillige som tilsette hadde vore heldige. Me er svært priviligerte.

Han håpar og trur at publikum og frivillige også føler eigarskap til festivalen.

- Dette er noko anna enn det som har vore på Os tidlegare. Me gjer det fordi me ynskjer at Os skal vera ein fin plass å bu, og at det skal vera litt action. Det har eg inntrykk av at gjeld for dei frivillige også.