Nytt opptrykk av stemmesetlar i Os

Nye, korrigerte stemmesetlar må trykkjast opp i Os. Grunnen er at det er sett av felt til ni slengarar på stemmesetelen medan veljarane berre har høve til å føra opp åtte.

Det opplyser kommunen i ei pressemelding.

- Ved kommunestyreval har du høve til å gje personstemmer til kandidatar frå andre lister ved å føra dei opp i eit eige felt på stemmesetelen, såkall slengarar. Ved ein feil er det sett av felt til ni slengarar på stemmesetlane. Det rette hadde vore åtte felt, heiter det i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire andre kommunar har gjort same feil (skuldast utrekning og avrunding av talet slengjarar), og må også trykkja opp nye stemmesetlar.

- Feilen kunne føra til at veljarar gav fleire personstemmer enn dei har høve til, noko som i ytste konsekvens kunne ført til feil i valoppgjeret, opplyser kommunen.

Difor blir det no trykt opp nye, korrigerte stemmesetlar.

- Dette kan verka som ein bagatell, men det er viktig at alt går rett føre seg i gjennomføringa av eit val. Det er godt Kommunaldepartementet gjorde oss merksame på feilen i tide, slik at vi får trykt opp nye stemmesetlar, seier leiar av valstyret i Os, Terje Søviknes.

. Førehandstemminga i Os kommune held fram som vanleg. Valfunksjonærane vil gjera alle veljarar merksame på feilen, fram til nye stemmesetlar er på plass.

. Alle avgjevne stemmesetlar er gyldige.

. Dersom nokon ved førehandsval alt har gitt slengarar til ni personar, vil valstyret vurdera kvar enkelt av desse stemmesetlane ved oppteljinga.