Regionale smitteverntiltak frå fredag kveld: Påbod om heimekontor «der det er mogleg»
Regjeringa innfører regionale tiltak i fleire kommunar i Vestland, deriblant Bjørnafjorden, for å få ned smitten.
Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har følgt situasjonen i Vestland dei siste vekene. Det har vore stigande koronasmitte over tid i regionen.
– Det er stor pågang av pasientar og høge tal på sjukmeldingar og anna fråvær i helsetenestene både i kommunane og på sjukehusa. I tillegg er sjukehusa i regionen i gul beredskap. Situasjonen er svært utfordrande. Difor set vi i verk tiltak her nå, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol i ei pressemelding fredag kveld.
Artikkelen held fram under annonsen.
Desse regionale tiltaka vert innførte med forskrift:
* Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halda minst ein meter avstand i butikkar, kjøpesenter, kollektivtransport og taxi. Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for born under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre grunnar ikkje kan bruka munnbind.
* Påbod om at arbeidsplassar der heimekontor er mogleg utan at det går utover viktige og naudsynte tenester, skal sørgja for at tilsette jobbar heimanfrå heile eller delar av veka.
* Antallsavgrensingar for private arrangement innandørs. Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale.
* Plikt for serveringsstader og arrangørar til å ha system for å registrera gjester og for å varsla gjester om smitteeksponering.
* Krav om bordservering av alkohol for serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve.
* Krav om sitjeplassar for serveringsstader med skjenkeløyve. Det kan maksimalt vere 600 i publikum på innandørs arrangement utan faste tilviste plassar. Dei skal delast i kohortar som ikkje er større enn 200.
Tiltaka er dei same som blei iverksette for Oslo kommune og fleire kommunar i Innlandet og Viken fylke i går.
Forskrifta om regionale tiltak gjeld for følgjande kommunar i føretaksområdet til Helse Bergen:
Alver
Artikkelen held fram under annonsen.
Askøy
Austevoll
Austrheim
Bergen
Bjørnafjorden
Kvam
Osterøy
Modalen
Artikkelen held fram under annonsen.
Samnanger
Vaksdal
Voss
Øygarden
Dei regionale tiltaka vil tre i kraft i dag, fredag 3. desember klokka 21, og gjeld inntil vidare.