Held fast på opphavleg teori. No er saka lagt vekk
Ein månad etter at asfaltbilen velta utfor eit stup bak Meny i Kolskogen, er konklusjonen klar.
I dag melder BT at politiet har lagt vekk saka.
Politiadvokat Rune Malt seier til avisa at det meste taler for at det dreier seg om ein teknisk svikt. Politiet vel å ikkje etterforska saka vidare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lastebilen var fjernstyrt, og føraren stod på utsida og styrte bilen då han mista kontrollen over køyretøyet.
I og med at det ikkje oppstod noko personskade, vil det heller ikkje bli gjort noko meir frå Arbeidstilsynets side, opplyser Malt til BT.