E39: Råtunnelen er stengt i sørgåande retning.

Bil krasja i Råtunnelen: E39 opna igjen

Råtunnelen vart stengt etter at ein EL-bil køyrde inn i ein midtrabatt.

Rett før klokka 14 melder Vegtrafikksentralen på Twitter at E39 Råtunnelen i sørgåande retning er opna igjen.

Klokka 13.14 melde dei at Råtunnelen var stengt i sørgåande retning på grunn av eit trafikkuhell.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein el-bil har køyrt inn i ein midtrabatt, vart det opplyst.

Det var éin person i bilen og vedkomande skal vera vaken og medviten og ute av bilen.