Kraftig oppgang i bustadprisane: – Oppsiktsvekkjande
Bustadprisane i Noreg steig med 2,1 prosent i august. Korrigert for sesongvariasjonar var oppgangen på 0,8 prosent, ifølgje Eiendom Norges bustadprisstatistikk.
Gjennomsnittsprisen for ein bustad i Noreg var litt over fem millionar kroner ved utgangen av månaden, og så langt i 2026 har bustadprisane stige med 4,9 prosent.
– Det var ein oppsiktsvekkjande sterk vekst i bustadprisane i august, og det særleg i lys av at juli var den svakaste juli-månaden i historia til bustadprisstatistikken, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge i ei pressemelding.
I juli fall bustadprisane uventa mykje med 2,6 prosent. Eiendom Norge grunngav dette med renteoppgang og at auka tilbod av utleigebustader har dempa prisane – særleg på Austlandet.
Oslo-prisane kan enda i minus
I august var det berre Fredrikstad/Sarpsborg og Drammen som hadde negativ sesongjustert utvikling, medan det i resten av landet var god vekst.
Likevel har Oslo svakast prisvekst hittil i år med ein oppgang på 0,3 prosent.
– Med ein normal haust i bustadmarknaden betyr dette at Oslo vil enda på minussida i 2026, seier Lauridsen.
I august vart det selt 9594 bustader og lagde ut 13.077 bustader for sal, noko som er høvesvis 5 og 5,4 prosent færre enn i august 2025.
– Aktiviteten er framleis stor
Det tok i gjennomsnitt 50 dagar å selja ein bustad i august, ned frå 62 dagar i juli. Kortast salstid hadde Bergen med 16 dagar.
– Aktiviteten i marknaden for brukte bustader er framleis stor, sjølv om det er litt færre omsetningar enn på same tid i 2025. I august er det også lagt ut litt færre bustader enn i fjor, så tilbodssida nasjonalt i marknaden for brukte bustader har vorte redusert gjennom månaden. Men særleg i Oslo er det framleis eit stort tilbod, seier Lauridsen.
Tønsberg med Færder hadde sterkast sesongkorrigert prisutvikling i august med ein oppgang på 2,7 prosent, medan Drammen med omland var svakast med ein nedgang på 1,2 prosent. Så langt i år toppar Ålesund og Tromsø statistikken, med ein vekst på høvesvis 12,4 og 11,7 prosent.
– Me ventar at dei store skilnadene i bustadprisutviklinga rundt i landet vil halda fram gjennom hausten med ein svært sterk marknad i vest og i nord. Nasjonalt ender me truleg litt under prognosen vår på 6 prosent for 2026 under eitt, seier Lauridsen.
Åtvarar mot skatteforslag
Eiendom Norge-sjefen brukte samtidig høvet til å åtvara mot Skattekommisjonens ferske forslag om å auka butidkravet for skattefritt bustadsal frå eitt til tre år.
– Me er svært overraska over at Skattekommisjonen foreslår å endra butidkravet frå eitt til tre år. Det vil vera svært negativt både for kvar enkelt og norsk økonomi.
– Me forventar derfor at finansminister Jens Stoltenberg legg dette svært uheldige forslaget vekk, seier Lauridsen.
Viktig for renta
Noregs Bank valde i august å halda styringsrenta uendra på 4,25 prosent som følgje av lågare prisvekst enn venta i sommar. Avgjerda var breitt venta blant analytikarar etter lågare inflasjon og svakare bustadprisvekst i juli.
Sentralbanksjef Ida Wolden Bache understreka likevel at inflasjonen framleis er for høg, og at det er for tidleg å utelukka nye rentehevingar i haust.
Neste renteavgjerd og ny pengepolitisk rapport blir lagd fram 24. september.