DEBATT
Kalkyle for parkeringsanlegg i fjell
Kan nokon gje ei forståeleg forklaring på avstanden mellom 700 millionar kroner og 1.000 millionar kroner?
Eg ser at planane for eit parkeringsanlegg i fjell under Mobergshaugane skal opp til politisk behandling i desember.
Det er opplyst at kostnadskalkylen er rundt éin milliard for 1.100 parkeringsplassar fordelt på 2 x 3 parkeringsdekke.
Eg undrar meg ikkje så lite over denne kalkylen.
Prosjektet skulle langt på veg kunne samanliknast med Klostergarasjen i Bergen. Den har 940 parkeringsplassar fordelt på 2 x 3 dekke og vart ferdigstilt i 2005 etter to års byggetid til ein kostnad på 170 millionar kroner.
Med ei årleg prisstigning på 5% over i overkant av 20 år, tilsvarer dette ein kostnad på 600 millionar kroner.
Legg vi til at planane for Bjørnafjorden gjev oss 17% fleire plassar enn i Klostergarasjen, aukar prisen for Klostergarasjen+ til 700 millionar i dagens kroneverdi.
Kan nokon gje ei forståeleg forklaring på avstanden mellom 700 millionar kroner og 1.000 millionar kroner (42%)?
Egil Haugland