Anderz Eide var nyleg nominert til Kanonprisen for hovudrolla i filmen Høvdinger. Snart blir han å sjå i storsatsinga Svartsjøen.
Anderz Eide var nyleg nominert til Kanonprisen for hovudrolla i filmen Høvdinger. Snart blir han å sjå i storsatsinga Svartsjøen.

Anderz Eide i ny TV-rolle

Hålandsdølen Anderz Eide (40) dukkar snart opp i den skandinaviske krimserien Svartsjøen.

Svartsjøen, som er den nye storsatsinga til TV3 og Viaplay, vert innspelt i desse dagar. Både norske, svenske og danske skodespelarar er med i serien som får Nils Ole Oftebro i hovudrolla.

Fusingen Anderz Eide, som har krim-erfaring frå mellom anna TV-seriane Frikjent og Det tredje øyet, dukkar også opp, men vi kjenner førebels ikkje til kva rolle han får.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kriminell miks

Svartsjøen handlar, i fylgje VG, om ei gruppe unge menneske med hemmelig drifter og skjulte motiv som møter uforklarlege hendingar med dødelig utfall ved det nedlagde, svenske skianlegget Svartfjellet. Eit kjærestepar reiser dit for å starta opp att drifta, 20 år etter at eit brutalt mord vart begått der.

Serien vert ein miks av "klassisk Agatha Christie-krim, nordisk natur og eit ungt skandinavisk skodespelarlag".