Håvard Skåtun: «Vara for evig» er Hårvards første norsk på norsk-singel. Me har fått tilgang til hans dagsferske video.

Eit rivingsprosjekt på garden vart starten på Håvards første «norsk på norsk»-singel

Håvard Skåtun lanserer sin første singel med norsk tekst. Sjå videopremieren på «Vara for evig» her.

Den produktive Vinnes-musikaren har mange singel og albumslepp bak seg i sitt unge 26 år gamle liv, men når det kjem til å skriva på norsk, har det vore tynt med handfaste prov på dette.

– Eg lagde vel nokre norske tekstar til eitt av banda eg starta spela med som ung, men eg har aldri gjeve ut låt på morsmålet «sånn skikkeleg». Så dette er rett og slett mitt første forsøk, vedgår Skåtun.

Artikkelen held fram under annonsen.

Måtte ha kyndig hjelp

Låten vart til då Håvard for ei tid tilbake var med på å riva den gamle løa på familiegarden på Vinnes.

– Løa var frå 1800-talet, og ettersom me brukte god tid på å riva ho ned, byrja eg å tenkja på kor lang tid dei då måtte ha brukt på å byggja ho. Spesielt tenkte eg på all skifersteinen dei måtte slita med å få opp, fortel Håvard.

Etter dette sette han seg ned for å skriva låten om dette med å verdsetja og ivareta gamle ting.

– Det vart ein song om å æra arven etter forfedrane våre og generelt om gamle byggverk og alle historia slike bygg rommar, seier Håvard.

Då songen var ferdig skriven på engelsk, slo det han at dette burde vera ein «norsk på norsk»-song.

– På det feltet er eg rimeleg nybyrjar. Då kjem det godt med å ha gode tekstforfattarar i nær venekrins, fortel han.

Etter hjelp frå visetrubadur og mangeårig plateartist Odd Erik Lothe, og Håvards eigen kompis heimkommunen, Emil Nordtveit, vart den nye utgåva av songen spelt inn på norsk med ekte Fusa-dialekt.

No eksisterer låten i to versjonar, ein norsk og ein engelsk. Den engelske «On this ground», kjem ikkje som video.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lågbudsjettsvideo

Sjølve videoen vart laga i vinter. I lag med ein kompis gjorde Håvard det veldig enkelt.

– Eg hadde med meg Sigve Wanvik Krokstadmo. Han filma delvis med kamera og delvis med mobiltelefon. Opptaka vart gjort på grunnen der den gamle løa vår ein gong stod, på Vinnesholmen og oppe på Boga ved Strandvik, fortel Håvard.