God boksommar!

Sommar og gode bøker går hand i hand for mange. Med desse tipsa frå Os Folkebibliotek sikrar du fakta-påfyllet samstundes.

Tidlegare i vår fekk me dette bidraget til bokspalta i papirutgåva vår frå folkebiblioteket på Os. På veg inn i tjukkaste ferietida, tek me fram att tipsa. Kanskje det er nett no ein har tid til å setja seg ned med ei god, og i dette tilfellet, faktaspekka bok:

Det har ikkje vore få artiklar om kosthald og helse, overvekt, livsstil og helsefremjande trening i aviser og vekeblad dei seinare åra. Mykje er sunt og meir er usunt - og matindustrien fyller på med palmeolje, kreosot og altfor mykje sukker!

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi i biblioteket held oss til dei gamle livsstilråda - måtehald, mangfald og fyldig informasjon frå pålitelege kjelder. Vi hiv gjerne innpå ein sukkersøt romanse, eller blar oss gjennom ei heftig illustrert kokebok, men med jamne mellomrom knaskar vi i oss ei fakta-bok om mental trening, til dømes: «Fearless» av Anja Hammerseng-Hedin, eller tyggjer oss gjennom eit sakprosaskrift om europeisk politikk i ei krisetid, til dømes: «Rødt, hvitt og blått» av Asle Toje.

På kosthaldsfronten er vi oppdatert på den nyaste trenden: «LowFODMAP-dietten», som tar for seg mat for dei med irritabel tarm.

Visste du forresten at forsking på tarmane våre er eitt av dei mest spennande satsingsfelta innanfor den medisinske forskinga for tida, i følgje den tyske lækjaren Guilia Enders? Ho har skrive: «Sjarmen med tarmen», og boka er verkeleg ei sjarmbombe av populærvitskapeleg lesefryd!

Fordøyingssystemet vårt byrjar i munnhola, der spytt og enzym, og ein hær av immunceller samarbeider med tennene om å kverna og analysera maten vi et før han hamnar i magesekken. Og visstnok stemmer det at det er hjelp i å trøysteeta. I spyttet vårt finst nemleg eit smertelindrande stoff som liknar på morfin, som skal dempa smertene frå små sår i munnhola - og den vonde knasinga frå det ekle sandkornet i salaten vi nettopp knaska i oss.

Og ikkje visste vi, at det å fjerna mandlane bak i munnhola kan betra psoriasisutbrot på huda! Mandlane våre fangar opp bakteriar og utviklar antistoff mot dei, og hvis du har hyperaktive mandlar, får du eit hyperaktivt immunforsvar. Svært underhaldande og lærerikt om korleis fordøyingssystemet vårt verkar, og korleis det vi et kan påverka den psykiske helsa vår, sjølvkjensla, motstandskrafta og helsetilstanden generelt!

Vil du lesa meir om den moderne matindustrien, kan du til dømes ta for deg: «Sannheten på bordet. Det du ikke får vite om maten din» av Niels Christian Geelmyuden.

Elles er hyllene i biblioteket fulle av faglitteratur og sakprosa frå mange felt. Du finn bøker om hjernen, om mental trening og om studieteknikk, til dømes: «Superstudent» av Olav Schewe, «Hammerkoden» av Øyvind Hammer, eller: «Tenke, fort og langsomt» av Daniel Kahnemann.

Eller du kan lesa populærvitskapeleg om historiefaget, om jogging eller om økonomisk teori i: «Tid for historie» av Erling Sandmo, «Født til å løpe» av Christopher McDougall, eller «Thomas Piketty forklart» av Jesper Roine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Du finn lister over dei nyaste bøkene i Os folkebibliotek i Nett-katalogen vår, og dessutan lister med bøker om til dømes trening og helse, mat og drikke - og sjølvsagt ølbrygging!

Os Folkebibliotek