Frank Bruarøy fekk smaka på Øystein Engevik sin øl og lovde til gjengjeld å servera Brac-gin seinare på kvelden.
Frank Bruarøy fekk smaka på Øystein Engevik sin øl og lovde til gjengjeld å servera Brac-gin seinare på kvelden.

– I kveld går eg av vakt og blir med på festen

Det har gått i eit bankande køyr sidan oppstarten i mai. Laurdag unna sjefs-kokk Frank Bruarøy seg å vera gjest i eiga restaurant.

– Eg har nett gjort meg ferdig med noko pinnakjøt til eit julabord og føler rme har bra kontroll på kveldens arrangement. No er det på tida å hiva av meg kokke-jakka og nyta kvelden i lag med dei andre gjestane, smiler Frank Bruarøy.

– Har du aldri tidlegare vore gjest i di eiga restaurant?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har kanskje teke meg ei øl mot slutten av ei kveld, men eg har  vel ikkje vore her som gjest ei heil kveld, slik eg har tenkt i kvel, ler Bruarøy.

– Då er det jammen på tide. Sit deg ned å få deg noko godt å drikka, smilar rørleggjar Øystein Engevik og byr Franken på ølglasset.

Senka skuldre

Det hadde vore ein tøff veke for Bruarøy og kollegaane på Havnechefen då dei laurdag kveld inviterte til talleljazz og jafsemat, blues og buffet, kos og senka skuldre.

Bjørnar Engelsen og kona Monica er store fan av Hans Marius Johnsen. - Me såg han første gong på Madam Felle i Bergen for fleire år sidan. Me liker musikken veldig godt. I kveld skal me kosa oss med god mat og god musikk, sa paret frå Lysfjorden.
Bjørnar Engelsen og kona Monica er store fan av Hans Marius Johnsen. - Me såg han første gong på Madam Felle i Bergen for fleire år sidan. Me liker musikken veldig godt. I kveld skal me kosa oss med god mat og god musikk, sa paret frå Lysfjorden.
Jafsematen var laga og tilberedt av Frank Bruarøy, Ghader og Marius Nybø.
Jafsematen var laga og tilberedt av Frank Bruarøy, Ghader og Marius Nybø.
Hans Marius Johnsen og kjærasten Helene Waage gjorde ein stansemessig entré då dei kom til Havnechefen laurdag kveld.
Hans Marius Johnsen og kjærasten Helene Waage gjorde ein stansemessig entré då dei kom til Havnechefen laurdag kveld.

– Me har hatt to svært hektiske, men også veldig vellukka kveldar. Då er det godt å gjera det heilt motsette i dag. Berre gjera kvelden litt uformell. Laga til litt enkel og god jafse-mat og by på god musikk i hyggjelege omgjevnadar, seier Bruarøy.

Også mor og medarbeidar Reidun Vasby meinte kveldens profil var heilt passande.

– Torsdag og fredag hadde me full gourmet-kveld her. I lag med Lukasz Brekke, som Frank hadde samarbeid med i "Det naturlege kjøken" før Engeline-tida, laga Frank og heile 20 ulike rettar. Totalt hadde me 60 gjestar. Det var verkeleg vellukka arrangement, som me fekk mange gode tilbakemeldingar på, fortel Reidun.

Ønska seg Kivi-låt

På menyen laurdag var det norsk og syrisk smårettmat. Alt var sett fram i buffet-form. Dermed kunne gjestane berre gå og forsyna seg så mykje som dei ville.

– Dette er ein veldig fin og uformell måte å servera mat på. Det blir god atmosfære, seier Reidun.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også ho såg ut til å ha planar for å hoppa ut av arbeidsantrekket og nyta kvelden med vener og kjente.

Då Os og Fusaposten var innom var det kring halvfullt lokale. Felles for dei frammøtte var at jafse-maten tiltalte.

– Det er kjekt å vera med på nye konsept. Dette blir sikkert veldig kjekt, sa Leif Østrem.

Sjølv om det  var rigga til for musikalsk underhaldning var han mest klar for å eta og drikka.

– I kveld er det andre som opptrer, me for overlata det til HM Johnsen.

Heller ikkjer Øystein Engevik hadde planar om å innta småscenen i hjørnet.

– Kom igjen Øystein. Eg set stor pris på om du tek den derrre Kivi-låten med "Den dagen kommer aldri tilbake", lokka Frank Bruarøy.

Dobbeltoppdrag for HMJ

Den som med rette skulle underhalda musikalsk var Hans Marius Johnsen. Ungguten på 20 ankom noko seint i lag med kjærasten Helene Waage, men hadde planane klare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir klassiske sjølskrivne låtar av HM Johnsen innpakka i passande taffeljazz-arrangement. Så får me sjå om me ikkje sper på med ein cover eller to også, smilte alltid like ulasteleg kledde Hans Marius.

– Hele og du kledde godt å koma saman opp denne raude løparen.

– Jo, takk det. Det var jo stansmessig mottaking dette, flirte musikaren.

– Eg høyrar du har fleire oppdrag i kveld?

– Ja i dag blir det to konsertar. Først her, så i Ulvehiet. Der er eg hyra inn til å spela på ein privatfest for onkelen min, fortalde Hans Marius.

– Du har ein konsert til i Os før me rundar året?

– Ja, fredag 8. desember er det ny "Desember nigth"-konsert i Kløvertun. Då får skal eg også syngja i lag med madammen, fortel Øyanekaren.

– Og etter det blir det ut i den vide verden?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, faktisk litt. I 2018 skal eg faktisk turnera både i Noreg og Tyskland. Og i 2019 har eg oppdrag i USA, så det blir mykje speling framover. Ein må jo promotera seg så godt ein kan, både her heime og ute i vide verda, smiler Hans Marius.