Førjulskonsert: Nornekoret (biletet) og Os Mannskor inviterer nok ein gong til felles konsert, med både kjende og litt mindre kjende julesongar. Foto: Privat

«Lys i mørket»

November er for mange kanskje ein litt mørk månad. Då høver det ekstra godt å kome inn i ei lyssett og stemningsfull kyrkje og høyre vakker julemusikk.

Søndag 27. november inviterer Nornekoret og Os Mannskor nok ein gong til felles konsert, med både kjende og litt mindre kjende julesongar.

Som vanleg blir det også avdelingar med begge kora, gruppesong og til slutt fellesnummer.

Os Mannskor. Foto: Kenneth Svenningsen

Bandet består av Knut Vidar Garlid, Olav Skorpen og Ken Williams, og det blir forsterka med to unge talent, Melvin Sæther på el-gitar og Håvard Breistein på valthorn.

Alt ligg dermed til rette for musikalske førjulspakkar for ein kvar smak.

Vi gler oss, og håper mange har lyst å ta turen for å høyre på oss denne 1. søndagen i advent, og nettopp få litt «lys i mørket».

Mona Frøystadvåg

Artikkelen held fram under annonsen.

Nornekoret