DEBATT

hjort, vilt

Grunnlaget for ei vellukka hjortejakt vert lagt no

 Hjortejakta, hausten sitt vakraste eventyr er i startgropa.

 

Som jeger gjer du ein svært viktig jobb for at vi kan få ei hjortestamme som er i tråd med ressursgrunnlaget. Skal me få til det er me avhengig av å fylle kvotane kring om i heile fylket. Hjortestamma må reduserast, skal me kunne oppretthalde ein frisk hjortestamme og redusere øydeleggingane som hjorten gjer på innmark og i utmark.

 

Jobben startar no. Det er viktig at jakta kan skje på beste vis både for hjorten og for deg som jeger. Nøkkelen ligg i å trene før jakta tek til. Å vere trygg når skotet går er viktig. Då må det trenast på skytebana i fleire omgangar. Å skyte nok til å vere trygg i jaktsituasjonen er avgjerande for alle jegerar, men særleg viktig er det å lære opp yngre jegerar til å handsame både våpen og dyr med respekt

 

Me har eit ansvar som grunneigarar/jegerar i å syte for at det vert skote hjort i samsvar med dei planane for avskyting som valda har. Det ligg også ei opning i dei fleste kommunane i Vestland for å kunne skyte ekstra kalv utanom kvotane. Det gjev ein moglegheit for den grunneigaren som har store beiteskadar til å gjere ekstra grep. I 2024 var det fellingsrekord i Vestland med over 26.700 felte hjort.

Det er difor ein krevjande jobb å forvalte hjortestamma til eit nivå i Vestland som er akseptabelt i høve dei ulike interessene knytt til hjorten, men det er også ein aktivitet som gjev flotte naturopplevingar. Å forvalte det naturen gjev gjennom jakt er vår plikt og samstundes gjev naturopplevingane og det sosiale med jakta gode dagar for mange. Lukke til med treninga på vegen mot ei god og trygg jakt.

Oddbjørn Bratthole

Styremedlem Vestland Bondelag

Powered by Labrador CMS