Klare: Årets marknadsdagar vert 20.-22. juni. Til liks med dei to siste åra, vert arrangementet avslutta med Gatefest laurdagen, i år med Nico & Vinz på plakaten.

Nico & Vinz kjem til gatefesten

Årets marknadsdagar i Os sentrum vert avslutta med ny gatefest.

Årets marknadsdagar vert 20.-22. juni. Til liks med dei to siste åra, vert arrangementet avslutta med Gatefest laurdagen i samarbeid med Fana Sparebank.

Artistane i år vert Nico & Vinz.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pride vert også arrangert denne laurdagen, med parole og tog.

I tillegg til Gatefest blir det ekstra aktivitet for ungdom på fredagen. Her har arrangør Fjordfolk inngått eit samarbeid med prosjektet Femti-71 og Girson Dias.

Femti-71 er ein ideell organisasjon som skaper spanande og aktuelle fritidsaktivitetar for barn og ungdom. Organisasjonen er stifta av Dias, kjend frå blant andre A-laget og Lars Vaular. Namnet Femti-71 er ein hyllest til Loddefjord som gjennom sine fritidstilbod gav Girson sjølvtilliten og motet til å satsa på ein karriere i kultur- og musikkbransjen, heiter det på nettsida til organisasjonen.

– Fokus under marknadsdagane er skaparkraft, inkludering og sosial berekraft, i tillegg til marknad, sol, sommar og glede, heiter det i ei pressemelding frå Fjordfolk.