Klimastreik: Norske politikarar bør lytta både til Greta Thunberg og dei over 50.000 barn og unge i Noreg som har streika for klimaet.

Å leita etter olje og gass - i strid med Grunnlova

Tusenvis av ungdomar har streika for klima med krav om at Noreg må slutta å satsa på olje og gass. Svaret frå regjeringa er det stikk motsette. I dag startar rettssaka som skal prøva om dette er i strid med Grunnlova.

Norsk olje- og klimapolitikk styrer mot ei global oppvarming langt over målet om å halda global oppvarming til godt under 2 grader. Noreg set ingen grenser for kor mykje fossile brennstoff me kan ta opp frå norsk sokkel og planlegg oljeutvinning lenge etter 2050. Dersom andre land gjer som Noreg, blir konsekvensane svært farlege for millionar som lever i dag, og for våre eigne barn og barnebarn.

Ei oppvarming på meir enn 1,5 grader vil gje oss ei verd med svært store problem. Ekstremvêr med sterkare stormar, meir nedbør og flaum i nokre område og tørke og brannar i andre, vil gje store materielle skadar og mange dødsfall, både i rike og fattige land. På sørlege breiddegradar vil vidare oppvarming føra til dødelege hetebølger som vil råka mange millionar av menneske stadig oftare. Havnivået vil fortsetja å stiga. Jordbruk blir umogleg i enkelte regionar. Levealder, helse og livskvalitet blir vesentleg redusert. Store straumar av flyktningar vil auka risiko for konfliktar og krig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa sviktar

I denne alarmerande situasjonen tillèt likevel regjeringa vår fullt køyr i leiting etter meir olje og gass og deler ut rekordmange utvinningskonsesjonar. Nye område for leiting og produksjon blir stadig opna i det sårbare Barentshavet. Statsministeren har sagt at den som skal sløkka lyset på norsk sokkel er enno ikkje fødd. Dersom Erna Solberg får rett, kan store deler av kloden bli uleveleg.

Regjeringa stimulerer økonomisk til meir oljeleiting gjennom leiterefusjonsordninga og planleggja olje- og gassproduksjon i mange tiår etter at verda må slutta å bruka fossil energi. Dette bidrar til ei farleg klimautvikling som trugar framtida for barn og unge.

Noreg er den sjuande største eksportøren av olje og den nest største eksportøren av gass i verda. Sjølv om norsk produksjon skulle vera noko reinare enn verdsgjennomsnittet, betyr dette svært lite i høve til utsleppa frå eksportert olje. Meir enn 90 prosent av utsleppa kjem ved forbrenning. For den norske utslepprekneskapen betyr òg norsk olje- og gassutvinning mykje. Utsleppa frå denne verksemda har auka med 75 prosent sidan 1990 og var i 2018 den største kjelda til nasjonale utslepp. Å fortsetja med denne slik regjeringa legg opp til, fører til så store utslepp at Grunnlova sin miljøparagraf er broten sjølv om utslepp frå norskprodusert olje i utlandet ikkje blir rekna med.

Noreg har stort ansvar

Som ein stor petroleumseksportør over mange år og med rikdom som til dels er bygd på denne verksemda, har Noreg dessutan eit moralsk ansvar for å gå føre og trappa ned olje- og gassproduksjonen. Olje- og gassverksemd i Barentshavet er spesielt uheldig sidan det kan øydelegga sårbar natur for alltid.

Leiande forskarar meiner at det er naudsynt slutta å leita etter olje og avvikla produksjon av fossile brennstoff. Det kjente tidsskriftet Nature konkluderer på fylgjande måte: «Reduksjon av karbonutslepp inneber å ta vanskelege val: stoppa nye investeringar i leiting etter og produksjon av fossilt brensel, og deretter å stengja eksisterande anlegg». Leiar for Bjerknes-senteret for klimaforsking, Tore Furevik, er samd og peikar på at Noreg bør slutta å leita etter meir olje.

Økonomisk risiko

Oljeinvesteringar utgjer ein aukande økonomisk risiko, spesielt når staten fremjar leiteboring og dekker leiteutgiftene. Skatteordningane for oljenæringa fører til at staten finansierer nesten 90 prosent av investeringane ved utbygging og leiting mot at selskapa betaler 78 prosent skatt av eit eventuelt overskot. Dette blir gjort trass i at det aller meste av kjente fossile ressursar ikkje kan utvinnast dersom verda skal unngå klimakollaps. Skal me nå FN sine klimamål, er det risikoen høg for at ein stor del av norske fossile reservar blir verdilause.

Milliardane som staten betalar for leiting, til dømes i Arktis, blir då bortkasta pengar. Desse summane kunne i staden vore brukt til grøn omstilling for å skapa nye jobbar for dei som må skifta jobb på grunn av nedtrappinga av oljeindustrien. Den globale oppvarminga er ein atskilleg større trussel mot norsk økonomi enn å fasa ut oljeverksemda.

Høyr på ungdomen

Norske politikarar bør lytta både til Greta Thunberg og dei over 50.000 barn og unge i Noreg som har streika for klimaet. Som Thunberg så sterkt understrekar: Klimakrisa krev handling! Ungdom treng håp. Rask og effektiv handling mot klimaendringane kan gje born og unge håp og tru på framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Greta Thunberg seier «Our house is on fire - Huset vårt brenn»! Å utvinna og bruka olje i mange tiår framover nører brannen. Regjeringa gjer det motsette av å sikra alle «rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir halde ved lag» og å tryggja denne retten «òg for komande slekter» slik miljøparagrafen i Grunnlova (paragraf 112) krev.

I dag, 5. november, startar ankesaka mot staten som skal visa at Grunnlova gjeld. Saka som går for Borgating lagmannsrett, er reist av Natur og ungdom og Greenpeace med Besteforeldra sin klimaaksjon og Naturvernforbundet som partshjelparar.

Gunnar Kvåle

Medlem i styret og leiar for Bergensgruppa for Besteforeldra sin klimaaksjon