Vaktradioen er med oss stort sett 24/7-365.

DEBATT

Å vera brannkonstabel er ikkje berre ein jobb, det er ein livsstil

Dette er noko me ber med stoltheit.

Å vera brannkonstabel er ikkje berre ein jobb, det er ein livsstil, ei personlegheit, ei glede og ei byrde. Dette er noko me bærer med stoltheit.

Trass ei tre prosent stilling og vakt kvar fjerde veke, går me likevel rundt med beredskapen i bakhovudet heile dagen, heile veka, heile månaden og året; "Tenk om, kva visst?".

Om ein har vakt eller ikkje, ligg dette i oss som brannkonstablar.

Me har heller ikkje berre brannar å forholda oss til. "Det brenn jo trass alt ikkje so ofte", får me høyra.

Me har bilulukker, drukningsulukker, oljesøl, naturhendingar, First responder knytt opp mot helseoppdrag, som for eksempel hjartestans og bereoppdrag i terrenget, katt i tre, kyr i motting, båt som tek inn vatn og "politioppdrag" der ein kjem borti psykriatri og trugslar og vold mot folk.

Kort fortalt, ein har nok av det uforutsette å forhalda seg til knytt opp mot kva utfordringar ein møter når alarmen går. Det å vita at ein har eit komplett vaktlag med seg, ei samansveisa gruppe som er trygg på kvarandre og sine roller, er svært betryggande for oss.

Vaktradio og julatre.

Vaktlag i feriar og høgtider?

Kven skal isåfall gjera den jobben om endringane vert vedtekne? Trur ein det er 'Jippi, eg skal få lov å vera heima i påsken' eller 'Yes, eg slepp å reisa i familiebesøk til svigers i jula'?.

Det siste kan dog vera eit pluss i visse tilfelle.

Liva våre vert styrte av det føreseielege med kontinuerlig vaktordning på godt og vondt. Me ofrar mykje i vaktveka vår. Du får ikkje delta på fotballturneringa til jentungen den helga,  bursdagsfeiringa til gamle far på onsdagen, eller julahandelen med kåno.

Eller kva med: No har eg tre veker ferie frå hovudjobben, lat meg få nytta ei av dei til å stå låst i beredskap?

Hending knytt opp mot giftig stoff/avfall.

Men me står i desse vaktene våre fordi me har den vissheita om at; Ja, me har folk på vakt og det er alltid nokon som stiller ved hendingar.

Det føreseielege gjer at me kan senka skuldrene litt i den perioden me ikkje er på vakt og ein føler ein kan tillata seg å ta seg ei øl ilag med venegjengen, ein tur til fjells ein ettermiddag eller hyttetur med familien i pinstihelga.

Ved å endra på dette vil samtlege både ved Venjaneset stasjon og i Eikelandsosen kjenna på belastninga med heile tida å føla ein må vera meir tilgjengeleg enn ved dagens ordning.

Revna på Baldersheim.

Kjenner ikkje livet utan

Flesteparten av dagens brannkonstablar er tilsette i vaktordning og kjenner ikkje til livet utan.

Står du huslaus, er det godt å koma inn. Har du vore i hus, er det vondt å måtta flytta ut.

Desto verre kan det vera å ha kjent på å ha vore huslaus, fått koma inn for så å måtta flytta ut att på gata. Det er kva me kan kjenna på no.

Paradoksalt nok skal avgjerda om å leggja ned vaktordninga og/eller endra ved Venjaneset stasjon, avgjerast i sjølvaste beredskapsveka i beredskapsåret 2026

Lat oss få behalda vaktordninga og Venjaneset stasjon, slik at me kan sørga for ein garantert beredskap med erfarne konstablar som kan stå lenge og godt rusta til å gjera ein innsats for innbyggjarane våre på austsio tå denne berømte fjorden.

Steinar H. Olsen

Plasstllitsvalgt Fagforbundet

For brannkonstablane i Eikelandsosen og ved Venjaneset stasjon

Powered by Labrador CMS