Biblioteket er viktig for ditt lokalmiljø!
Visste du at biblioteket kan vere ein del av løysinga for fleire av utfordringane som Bjørnafjorden kommune står overfor?
Når det blir kutta i budsjettet til biblioteket, går det ut over dei som treng det mest.
Kommunedirektøren i Bjørnafjorden vil halvere dagens bibliotekbudsjett og ønskjer å fremja ei sak om «framtidig bibliotekstruktur», utan å gå i detalj om kva dette inneber.
Artikkelen held fram under annonsen.
Budsjettframlegget ser også bort frå at biblioteket, etter lova, er ein offentleg møteplass. Det blir vist til at ny teknologi skal sikra eit framleis godt bibliotektilbod, men kva for teknologi kan erstatte dei mellommenneskelege samtalane?
Utlånsautomatane og meirope-tilbodet er fantastisk av mange årsaker, men vi veit frå lang og brei erfaring at mange lånarar føretrekkjer å få hjelp frå, og å snakka med, oss som jobbar i biblioteket, samt møte vener og kjente mellom hyllene.
Å investera i biblioteket er å investera i eit inkluderande samfunn. Alle treng fellesskap og kvarandre for å byggja gode og attraktive nærmiljø.
Biblioteket er ein av få møteplassar som er eit ope rom for alle – uansett kven du er eller kvar du kjem frå. Og i tillegg er det heilt gratis!
Difor har folkebiblioteket høg tillit i befolkninga. Mange som er nye i Noreg og andre sårbare grupper, oppsøker biblioteket. Her kan dei låna norskkurs, delta i samtalar på norsk, få hjelp til digitale tenester og generelt bli sett og kjenna tilhøyrsle.
Kommunedirektøren hevdar at budsjettframlegget ikkje har konsekvensar for andre einingar i kommunen, noko som viser tydeleg at han ikkje veit kor tett samarbeid folkebiblioteket har med skular og barnehagar.
Det er ei lesekrise i vår tid. Barn og unge i Noreg les alarmerande dårleg. Dette har store konsekvensar for den enkelte, og er eit alvorleg samfunnsproblem.
Svake leseferdigheiter får konsekvensar for vidare utdanning og yrkesliv. Vi treng leseferdigheiter heile livet, og biblioteket tek dette på alvor. Folkebiblioteka kan bidra til å utjamna sosiale forskjellar når det gjeld lesing blant barn og unge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit raskt blikk på kalenderen til Bjørnafjorden bibliotek viser mange aktivitetar for barn og unge, og alle desse vil vera i fare for å forsvinna.
Ved kutt i bibliotekbudsjettet kan blant anna det årlege arrangementet Sommarles bli avlyst, eit arrangement som får barn til å strøyma til biblioteket kvar sommar for å låna bøker.
I budsjettframlegget blir det også snakka om å selja kommunetunet i Eikelandsosen. Men kommunetunet inneheld framleis noko viktig: Eikelandsosen bibliotekfilial. Om bygget skal bli selt, kvar er det tenkt at bibliotekfilialen skal vere?
Dette er ikkje nemnt i avsnittet om salet av bygget, trass i at det er det einaste bibliotektilbodet i nærmiljøet, og som framleis er ope fire dagar i veka.
Det tek minst 50 minutt å reisa frå Eikelandsosen filial til Bjørnafjorden hovudbibliotek, og det er om buss og ferje går som dei skal.
Barn og unge i Fusa har dermed ikkje moglegheit til å stikka innom biblioteket etter skulen, då dei ikkje har dei transportmoglegheitene som trengst.
Om filialen forsvinn, er det som om innbyggjarane i Fusa og områda rundt knapt har noko bibliotek lenger.
Det er trong økonomi for mange kommunar. Kommunestyra må prioritere hardt når det skal kuttast i budsjetta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kutt klokt og vern biblioteket!
Kristine Davin Vik
Styreleiar
Norsk bibliotekforening Vestland