Lokalavisveka 2026:
Velkomen til open dag hos oss
Sjå Os & Fusaposten sitt program for Lokalavisveka 2026.
Lokalavisveka 2026 – Vi vil møta deg!
Vi kjem til både Fjord'n Senter og Thon Senter, og onsdag 21. oktober opnar vi dørene til redaksjonen vår på Osøyro.
Tysdag 20. oktober – Fjord'n Senter kl. 12–15
Kom innom standen vår! Vi ønskjer tips, innspel og ein hyggjeleg prat om det som skjer i Bjørnafjorden.
Onsdag 21. oktober – Ope hus hos Os & Fusaposten kl. 11–14
Vi opnar dørene til kontoret vårt på Osøyro og inviterer både store og små innom!
Dette kan du oppleva:
Møt journalistane og dei andre som jobbar i Os & Fusaposten.
Sjå gamle avisforsider og pressebilete frå Bjørnafjorden.
Få eit lite innblikk i korleis vi jobbar med lokaljournalistikk.
Blir med på Den store Bjørnafjorden-quizen.
Kos deg med kaffi, kake og bollar
Del tips og idear til saker du meiner vi bør skriva om og vinn fine premiar.
Torsdag 22. oktober – Thon Senter Os kl. 12–15
Vi er på plass med stand! Kom innom, slå av ein prat og fortel oss kva du ønskjer å lesa meir om i lokalavisa.
Vi gler oss til å møta deg!