Marie Bruarøy, H, kommunestyremøte, 3. april 2025
Tommy Sævareid, INP, kommunestyremøte, 15. mai 2025
Nils Ove Lauvik, uavhengig, kommunestyremøte. 18. september 2025

DEBATT

Bjørnafjorden på rett veg

Økonomien i Bjørnafjorden kommune er framleis krevjande, men på rett veg.

Økonomien i Bjørnafjorden kommune er framleis krevjande, men på rett veg. Gapet mellom driftsutgifter og -inntekter er redusert dei siste to åra, og det er god von om driftsbalanse i løpet av valperioden.

Slik kan ein oppsummera status etter at Frp, Høgre, KrF, INP og uavhengig Nils Ove Lauvik torsdag la fram felles budsjett også for 2026.

Budsjettet er nøkternt, og følgjer opp strategien som vart lagt i starten av valperioden. Målet er å halda att på driftskostnader og investeringar, samstundes som ei jobbar langsiktig med å auka inntektssida gjennom bustad- og næringsetableringar. 

Folkeveksten i Bjørnafjorden er no rekordhøg, og auka innbyggjartal gjev gradvis auka inntekter til kommunen gjennom rammetilskot og skatteinntekter.

Lånegjelda pr innbyggjar er på veg ned, og gapet mellom løpande driftskostnader og -inntekter er redusert frå om lag 150 millionar kroner hausten 2023 til om lag 50 millionar denne budsjetthausten.

Omstillingsarbeidet må halda fram også i 2026, men ein ser no lys i tunellen.

Hovudfokuset no er å gjennomføra arbeidet med prosjektet Heilskapleg bustad- og innstatstrapp. Eit samrøystes kommunestyre slutta seg til rammene for prosjektet i juni. 

Dette handlar m.a. om å leggja til rette for fleire aldersvenlege bustader for eldre, slik at ein kan bu trygt heime lengst mogeleg, og gradvis få naudsynte omsorgstenester frå kommunen. 

Generelt handlar prosjektet om flytta ressursar frå dei dyraste, kommunale tenestene øvst i innsatstrappa til lågare trinn med fokus på m.a. heimebaserte tenester, førebygging, avlasting og tilrettelegging.

Etter fleire år med konstant omstilling, stiller prosjektet store krav til våre leiarar, tilsette og tillitsvalde. Frp/H/KrF/INP/Uavh. har difor sett av ekstra ressursar til å gjennomføra Heilskapleg bustad- og innsatstrapp i 2026 og -27.

Prosjektet er også ein offensiv strategi for å møta utfordringane heile Kommune-Norge står i.

Dei demografiske endringane i Norge vert store dei neste åra, med fleire seniorar og færre i yrkesaktiv alder. Dette gjev kamp om arbeidskrafta, og ein ser allereie no mangel på t.d. helse- og omsorgspersonell. Også i barnehagesektoren, og for einskilde andre stillingskategoriar, merkar ein rekrutteringsutfordringa.

Med mangel på folk er det ikkje lenger slik at alt kan løysast med meir pengar.

Vi må også organisera oss annleis, og levera tenester på nye måtar. Staten må redusera detaljstyringa, og gje kommunane større rom til å organisera, utvikla og levera tenester ut frå lokale tilhøve.

I tillegg må vi nok alle rekna med at vi må ta større ansvar for eige liv i tida som kjem. Alt kan ikkje løysast av det offentlege. Frivillig sektor, næringslivet og kvar og ein av oss må stilla opp for å sikra det gode liv for alle i vårt lokalsamfunn. Heilskapleg bustad- og innsatstrapp er Bjørnafjorden sitt svar på desse utfordringane.

Eit samla kommunebudsjett på vel 2,64 milliardar kroner neste år gjev uansett rom for gode tenester til innbyggjarane i Bjørnafjorden, og det utan eigedomsskatt. Frp/H/KrF/INP/Uavh. ser fram til vidare samarbeid med administrasjonen, tilsette og tillitsvalde, og vil takka alle i lokalsamfunnet som bidreg til å stø opp om misjonen til Bjørnafjorden kommune: Det gode liv for alle. 

Terje Søviknes (Frp)

Marie Bruarøy (H)

Jakob Enerhaug (KrF)

Tommy Sævareid (INP)

Nils Ove Lauvik (Uavhengig)

 

Powered by Labrador CMS