Respekt: Ingen var for stor eller for liten til å kunna få Mikal Leigland si respekt. Det var korleis ein var mot andre, som avgjorde det.

Den tydelege røysta med det varme hjartet for folk og lokalsamfunn er borte

Mikal Leigland var oppteken av framdrift og resultat. Men aller mest var han ein mann med eit stort og varmt hjarte for folk og lokalsamfunn.

Varaordførar Mikal Leigland (Sp) gjekk bort 28. desember 2022 etter kort tids sjukdom. Han la bak seg 30 år i lokalpolitikken og i teneste for innbyggarane i Fusa og Bjørnafjorden kommunar som kommunestyremedlem, formannskapsmedlem og periodar som leiar av levekårsutvalet og helse- og sosialutvalet.

Les også
Strandvik stod stille då Mikal Leigland vart bisett fredag

Ofte kunne vi høyra han seia: «Må vi verkeleg gjera alt så vanskeleg? Vi må jo kunna løysa dette på eit vis! Vi må jo få framdrift!».

Artikkelen held fram under annonsen.

Mikal Leigland var oppteken av framdrift og resultat. Men aller mest var han ein mann med eit stort og varmt hjarte for folk og lokalsamfunn.

Mikal Leigland bygde så mykje meir enn hus og bygningar. Han ville utvikla og bygga gode lokalsamfunn, skapa vekst og endring - men aldri utan å setja menneska i fokus.

Les også
– Strandvik hadde ikkje vore det same utan Mikal

Ofte kunne han vera direkte, tydeleg og tøff, men aldri for å gjera nokon noko vondt. Han hadde omsorg for dei som trengte litt ekstra hjelp, enten det var her heime eller andre stader. Han var raus og rettferdig, og han møtte andre menneske med ekte nysgjerrigheit.

Ingen var for stor eller for liten til å kunna få Mikal si respekt. Det var korleis ein var mot andre, som avgjorde det.

Les også
– Han ringte meg i snitt kvar 14. dag med instruksar om korleis rikspolitikken burde løysast

Mikal var ekte engasjert og var det gjennom heile livet. Engasjert i familien sin og historia, i Strandvik, i bedriftene sine, i heile Fusa kommune, og etter kvart, etter litt overtaling, vart han varaordførar i Bjørnafjorden. Han hadde samfunnsbyggjaren i ryggmargen og eit ektefølt og enormt positivt engasjement for heile kommunen.

Mikal var ikkje så opptatt av å ha eige kontor på Rådhuset. Telefonen og bilen var Mikal sitt kontor. Tallause samtalar og timar med både gode og dårlege mobilforhold har det vore. Alltid på, og alltid klar.

Les også
Mikal var ein mann eg vart glad av å møta og prata med

Meir enn éin gong når det blåste friskt i lokalpolitikken, kunne Mikal minna oss på at «Vi har fått eit oppdrag, og det skal vi løysa saman. Vi går vidare!». Slik var Mikal, og slik er lokaldemokratiet på sitt beste.

Vi sender varme tankar til kona Magnhild, barn og barnebarn som har mista sin trygge bauta.

Artikkelen held fram under annonsen.

I takksemd minnest vi Mikal Leigland. Han har sett spor etter seg som aldri vil bli gløymde.

Trine Lindborg

Ordførar (Ap)

Bjørnafjorden kommune