Arbeidarpartiet skal vere eit parti for dei som bur her, dei som arbeider her, og dei som skaper arbeidsplassar og verdiar i kommunen vår.

DEBATT

Det er lett å bruke store ord i kommentarfeltet

Å vere næringsvennleg handlar etter vårt syn ikkje berre om kor mange gonger ein seier ja.

Dei siste dagane har det vore mykje merksemd rundt Bjørnafjorden Arbeidarparti og politikken vår. Det gir ein god anledning til å seie litt om korleis vi faktisk arbeider, kva diskusjonar vi har, og kva som ligg bak vala vi tek.

For det er lett å få inntrykk av kva partiet meiner og gjer berre gjennom overskrifter og kommentarfelt i lokalavisa. Nyansane druknar nok litt i støyen.

Politikken vår blir til rundt bordet

I Arbeidarpartiet er alle medlemer velkomne på gruppemøta, og takhøgda er stor. Vi diskuterer, utfordrar kvarandre og er ikkje alltid einige. Som oftast finn vi saman, andre gonger røystar vi ulikt.

Det meiner vi er ein styrke. I kommunestyresalen ser vi at rommet for usemje varierer mellom partia. Hos oss er usemje ein del av demokratiet.

Nettopp slik er mange av sakene vi som lokalpolitikarar skal ta stilling til. Det finst ikkje alltid eit enkelt ja eller nei. Næringsutvikling er eit godt døme. Vi ønskjer nye arbeidsplassar og bedrifter som satsar, samtidig som vi skal ta vare på lokalsamfunn, tryggleik, natur og menneska som blir berørte.

Arbeidarpartiet skal vere eit parti for dei som bur her, dei som arbeider her, og dei som skaper arbeidsplassar og verdiar i kommunen vår. Vi vil ha utvikling i heile Bjørnafjorden, eit sterkt og variert næringsliv og gode og trygge lokalsamfunn.

Vi vil ha næringsutvikling

Bjørnafjorden treng bedriftene våre. Vi treng dei som investerer, tek risiko, skaper arbeidsplassar og bidreg til inntektene som igjen er med på å finansiere velferda ware.

Derfor ønskjer vi fleire etableringar, fleire arbeidsplassar og gode næringsareal for ulike typar verksemder.

Det er heller ikkje eit nytt standpunkt.

La oss friske opp minnet litt.

Då Trine Lindborg (Ap) var ordførar i Bjørnafjorden, var vi med på å etablere Bjørnafjorden Utviklingsselskap (BUS), nettopp for å bidra til vekst og verdiskaping og utvikle næringsareal, mellom anna i Lyseparken og på Samnøy.

I perioden vi styrte, fekk vi på plass planen for Lyseparken etter mekling og la til rette for utvikling av Samnøy næringsområde. Vi fekk også endeleg landa ein arealplan (KDPA, Bjørnafjorden Vest) som både innbyggjarar og næringsliv hadde venta på i 12 år. Vi har også støtta store næringsetableringar i Lyseparken.

I våre eigne budsjettframlegg har vi også vore tydelege på at Bjørnafjorden må finne nye og gode næringsområde for ulike bransjar og behov.

Det er ein del av næringspolitikken vår.

Men næringsvennleg politikk betyr ikkje at folkevalde skal seie ja til alle planar akkurat slik dei blir lagde fram.

INKA-saka viser kvifor dette ikkje alltid er enkelt

For oss handlar god næringspolitikk om å leggje til rette for arbeidsplassar, utvikling og bedrifter som ønskjer å satse i Bjørnafjorden. Samtidig har vi eit ansvar for å sikre at denne utviklinga skjer på ein måte som tek vare på tryggleiken, nærmiljøet, naturen og livskvaliteten til innbyggjarane.

Det var nettopp denne balansen vi stod i då utvidingsplanane to INKA vart behandla.

Vi er positive til at ei viktig lokal bedrift ønskjer å utvikle seg. Men næringsutvikling kan ikkje vurderast isolert frå konsekvensane ho får for menneska som bur i området og naturen rundt.

I denne saka vart det uttrykt sterk uro knytt til både støy, trafikktryggleik og naturtap. Det måtte vi som folkevalde ta på alvor. Når planen seier at ein skal «tilstreba» å avgrense tungtransport ved skulestart og skuleslutt på dei smale vegane i Øyane, meiner vi det er legitimt å spørje om det gir barna som ferdast langs vegen, tilstrekkeleg tryggleik.

For oss handlar dette ikkje om å seie nei til næringsutvikling, men om å stille krav til korleis ho skal gjennomførast. Gode planar må både gi verksemdene føreseielege rammer og sikre at naboar, barn og andre innbyggjarar ikkje blir sitjande igjen med ulempene. Derfor meinte vi heller ikkje at saka var klar for mekling.

Vi må klare å ta omsyn til begge delar

Det eine utelukkar ikkje det andre.

Å vere næringsvennleg handlar etter vårt syn ikkje berre om kor mange gonger ein seier ja. Det handlar også om å skape føreseielege rammer og finne gode løysingar som kan stå seg over tid, både for bedriftene og for lokalsamfunna dei er ein del av.

Det er den balansen vi skal arbeide for.

Det er den politikken vi ønskjer å utvikle vidare, gjennom diskusjon, usemje, stor takhøgde og opne dører for medlemene våre som vil vere med på å påverke, og folkevalde som vil bidra.

Kommunestyregruppa og styret
Bjørnafjorden Arbeidarparti

Powered by Labrador CMS