Laila Reiertsen (Frp) er del av Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget.

DEBATT

Rettferd for rus- og psykiatripasientane

I verste fall er heile opphaldet bortkasta, og for nokre går det riktig ille.

Visste du at i dag er det slik at pasientar under langtidsbehandling for rus- eller psykiatri, får kutta trygda med opp til 86 prosent etter tre månader?

Dette gjeld ikkje fysisk sjuke pasientar, berre dei som slit med rus og/eller psykiatri.  

I Fremskrittspartiet meiner vi dette er djupt urettferdig og øydeleggjande for sjølve behandlinga.

Tenk å endeleg få hjelp, og så skal det koste deg økonomien din.

For mange som ikkje klarer å bære de løpande utgiftene, ender det med at dei skriv seg ut lenge før anbefalt.

I verste fall er heile opphaldet bortkasta, og for nokon går det riktig ille.  

Frp har derfor fremma forslag om likebehandling av desse gruppene.

Vi meiner at ingen skal få kutt i trygda under behandlinga dei treng, og alle skal kunna konsentrere seg fullt og heilt om å bli friske.  

Saka skal  behandlast i Stortinget på torsdag. Det står ikkje berre om pengar, men også om liv.

I tillegg til dei openberre helserisikoane viser fleire studiar stor risiko for sjølvmord for dei som slit psykisk og/eller med rus.  

40 prosent av nye pasientar innan psykiatri oppgir økonomi som eit problem, og 22 prosent av befolkninga opplever no at det er vanskeleg å få pengane til å strekka til. 

Pasientane under langtidsbehandling er særdeles sårbare menneske, som har klart å reise seg for å ta imot hjelp i en vanskeleg situasjon.

Mange slit med traume og dårleg økonomi frå tidlegare. 

Grunngjevinga for kutta er for øvrig at ein får kost og losji under døgnbehandlinga. Det gjer jo fysisk sjuke også, så det er vanskeleg å forstå kvifor det skal forklara forskjellsbehandlinga.

Dessutan veit alle vaksne menneske at ein har ei rekke løpande utgifter som går sjølv om ein er heimefrå nokre veker eller månader.  

Eg håpar resten av Stortinget vil stå opp for våre mest sårbare pasientgrupper, og fjerna denne uretten ein gong for alle.

Vi har ikkje råd til å sabotera hjelpa som vert gitt, og vi vil ikkje mista fleire.

Laila Reiertsen

Stortingsrepresentant, Frp

Arbeids- og sosialkomiteen

Powered by Labrador CMS