Geitesti: På Sørlandet betaler ein berre bompengar når ein bruker nyevegen. Her må ein betala bompengar på ein 'geitesti'.

Det er merkeleg at lover og reglar ikkje er like over heile landet

Har me dårlege forhandlarar?

Etter å ha lese innlegget i Os & Fusaposten 30. januar - «Hevdar å ha ei løysing vegvesenet ikkje har vore i nærleiken av» - har det i ettertid blitt ein del tankar og spørsmål, som det hadde vore fint å få svar på.

Kva vert meint med at dei betaler ein stor sum i bompengar for ein veg dei ikkje bruker eller har nytte av?

Artikkelen held fram under annonsen.

At ikkje tunnelen (E39) kom på Søfteland, må ein berre godta. Bygda er no framleis den, som ligg sentralt til for å ha nytte av bommane på Røykenes eller i Endelausmarka.

Køyrer ein privatbil er det snarare og billigare Røykenes/Nesttun, om ein skal vidare til Midtun/Arna. Då sparer ein bompengar Lagunen-Nesttun.

At det tek lengre tid med 610-bussen no enn før - når det vert byta til bybane på Nesttun, høyrest rart ut. Rutetilbodet er det same for heile gamle Os kommune. Det går berre to ruter til Bergen - 600 og 610.

Dersom ein ikkje bur ved traseane til 600-610-bussane, må ein byta buss og ut i 'all slags ver', går eg ut frå. Vedkomande bussbyte i Tøsdalskiftet, er det toppen 10 meter frå eine bussdøra til den andre. Eg kan ikkje sjå at Søfteland ligg dårlegare an enn resten av Os. Heller betre. Sløyf ekstra-bommen ved Søfteland. Dermed betaler dei berre når dei skal ut av bygda. Tombomsløysing er å gjera forskjell mellom dei på Søfteland og dei utanfor bommen. La bommen vera på Røykenes, halver bompengane eller ta betalt berre ein veg.

For å gjera det rettferdig for dei som bur i Nordvik, vil eg sløyfa bompengane.

For å redusera trafikken over Fanafjellet kan ein laga ei ordning med lys/bom-intervall, der bussar i rute og utrykkingsbilar kan styra intervallet.

Det er merkeleg at lover og reglar ikkje er like over heile landet. På Sørlandet betaler ein berre bompengar når ein bruker nyevegen. Her må ein betala bompengar på ein 'geitesti' over Fanafjellet. Har me dårlege forhandlarar?

Audun Birkeland