Sunn fornuft: For meg er det Magne Djuvik skriv sunn fornuft og noko som er heilt sjølvsagt for dei fleste av oss.

Det strir ikkje mot menneskerettane å hevda at det er to kjønn

Det er to biologiske kjønn, mann og kvinne. Magne Djuvik ønskjer, til liks med underteikna, at det er dette ein skal læra borna i skulane våre.

Med undring har eg lytta til opptak av kommunestyret 15/6 si handsaming av interpellasjonen til represant Magne Djuvik (uavhengig). Slik eg oppfatta det prøvde fleire av mine gode, politiske kollegaer, heller enn å argumentera sakleg mot interpellasjonen, å byggja narrativet at Djuvik sitt forslag både kunne være i strid med menneskerettane og at det kunne fremja hat, terror og høgreradikalisme.

Les også
Ba kommunen om å «tydeleg anerkjenna naturens to kjønn». Vart kalla mørkemann og kunnskapslaus

Det minner om stråmannsargumentasjon heller enn sakleg politisk usemje.

Artikkelen held fram under annonsen.

I interpellasjonen skriv Djuvik mellom anna: “Eg vil at kommunen tydeleg skal anerkjenna naturens to kjønn, og løfta fram skilnaden i dei ulike fasane i livet. Et mindretals subjektive oppleving av kjønnsidentitet skal ikkje sletta ut den allmenne orden og gjerast til norm for det store fleirtalet. Barna i skulen skal ikkje utsetjast for påverknad og ideologi som kan skada deira identitet.”

Les også
Verkar som målet er å stigmatisera og ta Djuvik heller enn å argumentera sakleg
Les også
Ikke hør på mørkemenn

For meg er det Djuvik skriv sunn fornuft og noko som er heilt sjølvsagt for dei fleste av oss.

Det er to biologiske kjønn, mann og kvinne. Djuvik ønskjer, til liks med underteikna, at det er dette ein skal læra borna i skulane våre.

Det at samfunnet lærer og står for at det er to kjønn, mann og kvinne, bryt ingen menneskerettar. Dei fleste land i verda, inkludert vårt eige, lærer framleis, i samsvar med biologi og naturfag, at det er to kjønn, mann og kvinne. Og det gjer landa utan å bryte med den internasjonale fråsegna om menneskerettane.

Les også
Vil ha debatt om kjønnsidentitet i kommunestyret. – Ideen om at ein kan velja kva kjønn ein vil vera, breier om seg

Støre-regjeringa kjempar i desse dagar for å få vedteke eit tredje kjønn, stikk i strid med biologien.

Kommunestyret avviste Djuvik sitt forslag om at undervisning i skulane våre skal vera “bygd på fakta, vitskap og biologi, i spørsmål som handlar om kjønn”. Eg vonar at Stortinget brukar sunn fornuft og “fakta, vitskap og biologi, i spørsmål som handlar om kjønn” og avviser Arbeiderpartiet sitt radikale og svært ukloke forslag om, mot naturen, å innføra eit tredje kjønn.