Sterke ord og påstandar: Eg lurer på kva sterke ord og påstandar som vil bli brukt om og mot meg når eg no skriv dette lesarbrevet.

Verkar som målet er å stigmatisera og ta Djuvik heller enn å argumentera sakleg

Slik eg les dette, er det sunn fornuft og det burde vera ukontroversielt at undervisning skal vera bygd på fakta, vitskap og biologi.

I møte med saklege argument og synspunkt frå medpolitikarar, forventar eg av meg sjølv og andre at vi legg vekt på å framføra våre eigne synspunkt sakleg, også når vi er usamde i det som blir fremja.

Les også
Vil ha debatt om kjønnsidentitet i kommunestyret. – Ideen om at ein kan velja kva kjønn ein vil vera, breier om seg

Magne Djuvik (Uavhengig) har fremja ein interpellasjon til kommunestyret i Bjørnafjorden. I interpellasjonen foreslår Djuvik følgjande vedtak: «Lærebøkene og undervisinga i skulane i Bjørnafjorden kommune skal vera bygd på fakta, vitskap og biologi, i spørsmål som handlar om kjønn».

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Kan ikke stå uimotsagt. Da kan det fort bli mørkt

Slik eg les dette, er det sunn fornuft og det burde vera ukontroversielt at undervisning skal vera bygd på fakta, vitskap og biologi. Som KrF-politikar stiller eg meg gjerne bak eit slikt forslag til vedtak.

Eg ser i sosiale medium og lesarbrev at fleire av mine politiske kollegaer brukar rimeleg sterke ord og uttrykk der det synest som målet er å stigmatisere og ta Magne Djuvik og partiet han er medlem i, heller enn sakleg å argumentera mot det dei måtte vera usamde i.

Les også
Ikke hør på mørkemenn

Ja, eg lurer på kva sterke ord og påstandar som vil bli brukt om og mot meg når eg no skriv dette lesarbrevet. Eg må innrømma at eg kjenner på uro for i det heile å ytra meg i denne saka. Men dersom ikkje eg som ein førstekandidat gjer det, kven vil då?

Eg vil minna om at i same kommunestyre som interpellasjonen til Djuvik skal leggjast fram, så legg ordføraren vår fram ei sak der ho på ein framifrå måte oppmodar alle folkevalde til å skriva under på eit valløfte om nettopp å bidra til eit sakleg debattklima.

Les også
– Folkevalde skal kjenna på tryggleik og ikkje oppleva hets og trugslar

Ordføraren skriv i sakspapira «…..det er viktig at ein sikrar representasjon som speglar befolkninga i kommunen. Det er difor særs viktig at ein som folkevald skal kjenna på tryggleik og ikkje oppleva hets og truslar. Vi har alle eit ansvar for eit sakleg og godt debattklima kor ein greier å skilja sak og person. Skal ein sikra rekruttering til lokalpolitikken, er det viktig at vi som no stiller til val går føre som gode eksempel og rollemodellar».

Eg vil på det sterkaste oppmoda meg sjølv og alle mine medpolitikarar til eit sakleg debattklima der vi følgjer oppmodinga frå ordføraren vår og er nøye på å skilja sak og person.

Husk på at også eg og Magne Djuvik har rett og plikt til å representera synspunkta til våre veljarar.

Jakob Enerhaug

Artikkelen held fram under annonsen.

1. kandidat

Bjørnafjorden KrF