Enklare enn på lenge: Valet du som veljar står overfor i år, er eigentleg enklare enn på lenge.

Eigedomsskatt eller nærskular?

I Bjørnafjorden kommune har vi ikkje råd til å behalde nærskulane våre om vi ikkje innfører eigedomsskatt. Så enkelt er eigentleg valet i år.

Bjørnafjorden kommune er anbefalt av PwC å legge ned seks av nærskulane våre. Utan eigedomsskatt vil det vere umogleg å redde dei fleste, om ikkje alle, desse. Partia som seier dei ikkje vil ta stilling til dette før utgreiinga er ferdig (etter valet, beleileg nok), kan rekne dei og. Dei veit godt at det er rett og slett ikkje er nok pengar til dette utan høgare inntekter.

Lista med valløfter er lang hos dei fleste partia, men utan auka inntekter, kan alt som kostar pengar strykast med ein gong. Ja, fleire av valløfta vi les har til og med vi som seier ja til eigedomsskatt, konkludert for lenge sidan med at vi ikkje har råd til. Då er det litt merkeleg å sjå at dei som garanterer at dei ikkje vil innføre eigedomsskatt skaper inntrykk av å ha pengar til dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Urealistiske løfter

Sjølvsagt hadde det vore fint om alle nybakte foreldre fekk jordmor på heimebesøk, slik Høgre har i sitt program. Men kvar finn Høgre pengar til det? Og styrka tidleg innsats, som Ap, Sp, Høgre og KrF alle har i sine program, kvar skal pengane hentast frå?

Lista over lovnadar som kostar pengar er lang i dei fleste partiprogram. Her er nokre eksempel som det er vanskeleg, om ikkje umogleg, å sjå at dei skal få råd til.

• Satsa på ungdomsteamet (Frp og KrF)

• Styrkja laget rundt lærarane (Ap)

• Skulemat (Sp)

• Trafikksikring av skulevegar (Frp, H, Ap og Sp)

• Styrkja psykiatritenesta (Frp, H, Ap og Sp)

• Styrkja skulehelsetenesta (FrP, H og Ap)

Artikkelen held fram under annonsen.

• Styrkja og vidareutvikla fastlegetenesta og legevaktene (Frp, H, AP og SP (sistnemnde berre legevakt))

Det er mykje god politikk her, som SV også ønskjer. Men sjølv med eigedomsskatt, må vi prioritere bort mykje av dette i vårt program. Sanninga er at utan eigedomsskatt må kommunen kutta i velferd og tenester for oss som bur her for nær 200 millionar kroner.

Partia som går til val på nei til eigedomsskatt burde fortelje deg som no skal til valurna nøyaktig kva kutt dei planlegg å stemme for, heller enn å gje lovnader dei umogleg kan halde.

Når dei lovar fine prioriteringar og satsinga, gjer de veljarar lurt i å tenke: Kvar skal pengane hentast frå? Kvar skal dei kutte for å få budsjettet i balanse?

Smalhans

I skulane er det allereie smalhans. Vi oppfyller ikkje eingong minstekrava i lova til kor mange lærarar vi skal ha per elev, og andre tilsette i skulane er det endå større mangel på. I barnevernet er det dokumentert lovbrot. Innan avlastinga er det dokumentert lovbrot. Sjukefråværet blant dei kommunalt tilsette er skyhøgt på grunn av arbeidspress, og dei har heile tida trugslar om nye kutt og enda travlare og arbeidsdagar hengande over seg.

Vi som bur her, og alle dei som har Bjørnafjorden kommune som sin arbeidsgjevar, fortener betre. SV har derfor vore tydeleg sidan kommunesamanslåinga på at ein må innføra eigedomsskatt for å unngå skulenedleggingar og store kutt i tenestene.

Ja, det er eit dårleg tidspunkt å innføre eigedomsskatt på. Det har vi stor, stor respekt for. Renta er høg og prisane på det meste stig fortare enn vi er vande med. Men politikk er å prioritere, nokre gonger mellom to val vi ikkje liker.

Enklare enn på lenge

I Bjørnafjorden kommune har vi ikkje råd til å behalde nærskulane våre om vi ikkje innfører eigedomsskatt. Vi har heller ikkje råd til å styrke enkelte tenester, eller unngå å kutte kraftig i skulane og omsorgstenestene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Valet du som veljar står overfor i år, er eigentleg enklare enn på lenge: Er det viktig for deg å bevare nærskulen må du stemme på eit parti som har ein truverdig plan for det. Meiner du at vi ikkje skal kutte endå meir i allereie underfinansierte omsorgs- og oppveksttenester, treng vi eigedomsskatt for å få til det.

Stem SV i haustens kommuneval! For dei mange – ikkje for dei få.

Asle Olsen

SV