Bekymra: Vi er også bekymra for korleis dette forslaget vil leggja eit større press på den frivillige redningstenesta.

Ein uheldig lang reiseveg, som i verste fall er ei fare for liv og helse

Vi vil med dette uttrykkja bekymring for at forslaget vil bli ei svekking og utgjera ein stor risiko for innbyggjarane på Fusa-sida.

Fusa Røde Kors har registrert budsjettforslaget som er til handsaming i kommunestyre 14. desember.

Les også
Endå fleire kutt i Frp og Høgres budsjettforslag: – Legevaktordninga er ikkje berekraftig
Les også
– Dei aller fleste kommunar i Noreg klarar seg med éin legevaktstasjon

Vi vil i den samanheng som beredskapsorganisasjon og ein del av livredningstenesta, gje uttrykk for vår bekymring til forslaget om å leggja ned legevakta, og dagens vaktlagsordning for brann og redning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi er bekymra for at befolkninga i Fusa vil få ein uheldig lang reiseveg for å få tilgang til eit helsetilbod, som i verste fall er ei fare for liv og helse.

Vi er også bekymra for korleis dette forslaget vil leggja eit større press på den frivillige redningstenesta.

Les også
Betaler 3,9 millionar for tenesta. Kva skjer med avtalen om legevakta i Eikelandsosen vert lagt ned?
Les også
Til ordførar, kommunalsjef og kommunedirektør: Me takkar for tilliten, men no er faktisk grensa nådd

I dag har vi fått på plass ei fungerande legevakt, og ei vaktlagsordning for brann og redning som gjev innbyggjarane ein tryggleik alle har rett til å ha.

Det er allereie langt frå dei ulike utkantane på austsida til dagens legevakt. Korleis det då blir å måtta reisa vidare til Moberg, kan ein vel enkelt forestilla seg.

Det bur også mange eldre personar i Fusa, som kan få ein vanskelegare kvardag med så lange strekningar.

Les også
Fryktar ei nedlegging: – Vil gi dramatiske kutt i grunnberedskapen
Les også
Kva blir - mest truleg - kutta og kva blir spart? Slik vil du merka endringane.

Røde Kors er ein beredskapsorganisasjon. Vi ser heilt klart at det ikkje er godt beredskapsarbeid å gå tilbake til gamal vaktordning for brann og redning, då ein ikkje veit kor mange som møter opp ved ein alarm.

Fusa Røde Kors vil med dette uttrykkja bekymring for at forslaget vil bli ei svekking og utgjera ein stor risiko for innbyggjarane på Fusa-sida av fjorden om det går gjennom.

Fusa Røde Kors

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
I 2022 vart Lea (5) henta med luftambulanse 30 gonger
Les også
– Lang responstid er krevjande for naudetatane. Vi skulle gjerne sett at ho totalt sett var lågare
Les også
Kvifor ikkje leggja ned legevakta på Moberg og flytta alt til Eikelandsfjorden?