Openbart behov: Samstundes som Oseana vart opna i 2011, vart Fjellheim stengt ned, sjølv om det var heilt openbart at det var behov for Fjellheim vidare som forsamlingshus.

Fjellheim bør vera med i utviklinga av «Liv på Øyro»

Riving av Fjellheim blir uforholdsmessig dyrt og bygget er i altfor god stand til å rivast.

Biletet over er frå 1991 i samband med gravferda til den legendariske forretningsføraren for Fjellheim, Harald Kuven.

Tilbygga mot sør med bl.a. nytt teknisk anlegg, nye garderobar, sminkerom osb, er akkurat ferdigstilte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ventilasjonsanlegget kom på plass i oktober 1994.

Innspel

Syner til områdeplan for Fjellheim og Fjellheimtomta.

I framlegget går det fram at Fjellheim skal rivast. Planen opnar også for at ein eventuell utbyggar skal kunna sprenga ut fjellpartiet under Fjellheim, heilt ned til same nivå som Osbanetraseen.

Foreningen Bevar Fjellheim (BF) vart stifta i 2012, og har i alle åra fram til i dag argumentert for at Fjellheim - bl.a. som eit nyare tids kulturminne, og ikkje minst som eit allsidig kulturbygg - bør bevarast, og takast i bruk att etter ein periode med oppgradering.

Eit sjeldan flott og monumentalt bygg

Fjellheim vart bygd i same periode som bl.a. Tanngarden (tidlegare «Posten») og Sparebanken Vest (tidlegare Os Privatbank).

Den kjende bergensarkitekten Johan Lindstrøm(1893 – 1958) teikna både Fjellheim og Posten/Tanngarden.

Argumenta for bevaring av Fjellheim har vore kommunisert gjennom dei lokale media og direkte til politikarane (til dømes i samband med kommuneval).

BF har på eige initiativ gjennom fleire år engasjert fagfolk som på frivillig basis har undersøkt bygget, og fått vurdering av alt som gjeld teknisk og bygningsteknisk tilstand til Fjellheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Foreininga har sendt mange rapportar til administrasjonen etter befaringar med fagfolk. Den heilt nødvendige oppgraderinga av nordveggen på Fjellheim vart til dømes gjennomført etter befaring med fagfolk som Bevar Fjellheim hadde fått hyra inn.

Tilstandsrapport og Rambøll-rapport

I 2018 vart det utarbeidd ein tilstandsrapport for Fjellheim. Rapporten var bl.a. grunnlag for å få kostnadsoverslag (Rambøll-rapport) for oppgradering av bygget.

På grunn av feil i matrikkelen fekk takstmannen berre opp data om vaktmeisterbustaden (bygd i 1957), og ikkje Fjellheim (bygd 1938).

Takstmannen fekk heller ingen opplysningar frå kommunen om dei omfattande oppgraderingane av Fjellheim som hadde vore gjennomført i perioden 1984 -1994.

Når ein les Rambøll-rapporten, skjønar ein raskt at dei manglande, og til dels heilt feile opplysningane om bygget, også har ført til eit feilt grunnlag for Rambøll sine kalkuleringar av kostnadene for nødvendig oppgradering av Fjellheim.

Stort behov for Fjellheim

Samstundes som Oseana vart opna i 2011, vart Fjellheim stengt ned, sjølv om det var heilt openbart at det var behov for Fjellheim vidare som forsamlingshus.

Nokre av argumenta er:

1. Riving av Fjellheim blir uforholdsmessig dyrt.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Fjellheim er i altfor god stand til å rivast.

3. Lite attraktivt med bustader på Fjellheim-tomta.

4. Det er eit stort behov for eit forsamlingshus som Fjellheim i sentrum: Utstillingar, kunst og kultur, hus for lågterskeltilbod, «Ungdommens hus» osb, osb..

5. Ta vare på ei over 100 år lang kulturhistorie. Første Fjellheim (1911) og noverande Fjellheim(1938).

6. Det er trygg gangveg (Osbanetraseen) frå sentrum til Fjellheim, og to minutt å gå frå busstoppet «Fjellheim» nede i hovudvegen.

7. Fjellheim var eit fullt ut brukande kulturhus då det vart stengt ned, knappe 20 år etter den store oppgraderinga i 1989-91 og i 1994. Før oppgraderinga starta vart det gjennomført eit grundig planleggingsarbeid, og drøfta bl.a. med åtte av dei største brukargruppene i Fjellheim.

8. I «Os Inspirerer» står det bl.a: «Vi vil lytte til alle som tek kontakt for å gje oss gode råd».

9. Den spennande og interessante kulturhistoria til Fjellheim er som kjend nær knytta til Os Musikk- og Turnforening som fekk fekk reist det første Fjellheimbygget i 1911.

Artikkelen held fram under annonsen.

10. Noverande Fjellheim (1938) vart bygd i ei tid som vert rekna som gullalderen i Bergens arkitekturhistorie. Johan Lindstrøm som teikna Fjellheim, var sentral i den såkalla Bergensskolen, og var bl.a. hovudarkitekt for gjenreisinga av Håkonshallen etter krigen. På fritida tok han på seg oppgåver for Fortidsminneforeningen, bl.a. i arbeidet med bevaring av Lysekloster ruiner.

Tore Moberg

Foreiningen Bevar Fjellheim