DEBATT
Skyss - svar frå administrasjonen
Det er diverre ikkje uvanleg at vi støyter på utfordringar med skyss dei første skuledagane.
Vi har hatt «rusk» kring skuleskyss på begge sider av fjorden også i år.
Når det gjeld Baldersheim barneskule, har korkje skulen eller administrasjonen motteke informasjon frå Skyss om endringar knytt til ruta.
Vi blei først kjent med endringane når første skuledag var godt i gang. Dette er sjølvsagt ikkje greitt og administrasjonen har hatt både munnleg og skriftleg kontakt med Skyss om dette.
Nytt tidspunktet om morgonen, som ikkje var informert om i forkant, gjorde at tre elevar frå Nordtveit blei ståande att. Det var og endring i ruta i høve endestopp. Dette er no retta opp i.
Administrasjonen har meldt til Skyss at vi ønskjer at elevar som skal til Nordtveit reiser først, medan dei som skal i retning Sævereid, blir att på skulen.
Vi har tilsette på jobb både morgon og ved skuleslutt. Vi venter framleis på svar frå Skyss på dette. Føresette har fått informasjon om utfordringane og vil få ny informasjon så snart vi har fått avklaringar frå Skyss.
Leiing ved barnehagen og skulen
Tidlegare rektor ved Baldersheim barnehage og skule er som kjent tilsett som ny rektor i Ådlandsfjorden. Dette var endeleg avklart rett før skuleferien tok til og då gjekk det ut informasjon til tilsette og føresette.
I oppstarten av nytt barnehage- og skuleår er det Irene Foer, fagsjef kommunale barnehagar, og Janne Eik, fagsjef skule, som har hovudansvaret.
Fagsjef kommunale barnehagar har følgt opp barnehagen i oppstarten og Fagsjef skule var til stades ved oppstart av skuleåret og kan melda om 16 forventingsfulle elevar.
Dei har hatt innhaldsrike dagar med mykje aktivitet. Barn og elevar blir møtt av flotte tilsette og blir teke godt i vare.
I forhold til stadleg leiing ved barnehagen og skulen, er denne prosessen i gang og informasjon vil snart bli sendt ut.